Facebook ikon Twitter logo Print side

Begeistring for nynorsk

Onsdag kveld vart nynorskprosjektet «Stolt av eige språk» presentert for målfolk, skulefolk og dei leiande politikarane i Lindås, Radøy og Meland. - Eg har late meg begeistra i kveld, sa Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, til dei 50 frammøtte på biblioteket i Knarvik.

Frå venstre; Astrid Rongvær, Jorid Saure, Astrid Aarhus Byrknes, Jon Askeland og Øyvind H. Oddekalv.e
Frå venstre; Astrid Rongevær, Jorid Saure Astrid Aarhus Byrknes, Jon Askeland og Øyvind H. Oddekalv.

Etter at professor Endre Brunstad på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium på Universitetet i Bergen og prosjektleiar for «Stolt av eige språk», Jorid Saure, hadde presentert det fleire kallar Fjell-modellen, var både politikarar og representantar frå skulen i Nordhordland opptekne av at dei kunne dra lærdom av prosjektet i Fjell.

- Dette kan vi gjera også. Vi må tenkja at nynorsk er språket til ungdomen. Vi jobbar kanskje ikkje tilstrekkeleg med å gjera elevane språkmedvitne, sa Astrid Rongevær i Utdanningsforbundet.

Ordførar i Meland, Øyvind H. Oddekalv, meinte at ein kritisk fase for elevane er overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen. Han understreka at ein må sikra at nynorsk må ha status.

Ordførar i Radøy, Jon Askeland, meinte at dialektkampen er vunnen og at nynorsk har sterkare status no enn før.

- Det er viktig for oss å handla før målbytet kjem så langt som tilfellet er i Fjell, sa Askeland.
Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes meinte at dei tre ordførarane som var representerte på møtet onsdag kveld brenn for det same.

- Språk er musikk, og vi må få ut begeistringa for nynorsken, sa Aarhus Byrknes. Politikarane viste også til intensjonsavtalen for Nye Alver kommune der det går fram at språk og identitet er viktig og at administrasjonsmålet for den nye kommunen skal vera nynorsk.

Undersøking

Det har vore ein sterk endring i språkbruken i skulen i Fjell. I skuleåret 1992/93 var nynorskdelen i grunnskulen 78 prosent, medan det i skuleåret 2018/19 er 32 prosent som har nynorsk målform.

Rundt 50 personar møtte opp på språkmøtet.
Rundt 50 personar møtte opp på språkmøtet. 

Professor Endre Brunstad gjennomførte ei spørjegransking og intervju blant 651 elevar på dei tre ungdomsskulane i Fjell i 2017. Undersøkinga viste mellom anna at det er meir dialektbruk hjå jenter enn gutar for meldingar og Instragram og at jenter brukte meir bokmål på Facebook. Han oppsummerte mellom anna med at tekstnormene/skrivesituasjonane spelar ei rolle for språkvekslinga. Det same gjer identitetsrammer.

- Dei som vekslar mellom språk i skulen, gjer det også utanfor skulen, sa Brunstad.

Varig tiltak

Prosjektet «Stolt av eige språk» er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Fjell kommune. Etter at den tre år lange prosjektperioden var over i 2017, har Skulesjefen valt å vidareføra prosjektet som eit varig tiltak. 

Frå venstre; Endre Brunstad, Astrid Rongvær, Astrid Aarhus Byr.knes, Jon Askeland og Øyvind H. Oddekalv
Frå venstre; Endre Brunstad, Jorid Saure, Astrid Rongevær, Astrid Aarhus Byrknes, Jon Askeland og Øyvind H. Oddekalv.

Prosjektleiar Jorid Saure presenterte fleire språktiltak som er gjennomførte i regi av prosjektet. Det er gjennomført novellekonkurranse i «Twitter-lengde» der ungdom har skrive om livet på Sotra. Frode Grytten var domar og plukka ut vinnarane. Det er mellom anna laga leseplan for ungdomssteget, nettportal med undervisningsopplegg og videoar der elevane har bokomtale. Elevane laga turistbrosjyrar som vart stilte ut hjå Visit Bergen under Sykkel-VM i september 2017.

Det er også laga eigen Fjell-plakat om nynorsksatsinga i ungdomsskulen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Johan Myking og Vigleik Brekke

 


Sist endret: 21.02.2019