Facebook ikon Twitter logo Print side

Begeistring på premiere av video om TREFF+

Det var duka for premiere med skodespelarane til stades på Seniorsenteret på Sartor Storsenter i dag. Denne dagen var Sella Tellnes og Aslaug Telle mest i fokus.

Aslaug Telle og Sella Tellnes hadde hovudrollene i filmen.
Aslaug Telle og Sella Tellnes hadde hovudrollene i filmen.

Høgdepunktet var då den fire minutt lange videoen om Treff+ vart presentert for første gong. Det handla om aktivitetar på senteret og bestillingsbussen som vert flittig brukt av godt vaksne innbyggjarar i Fjell.

- På torsdagen er eg oppteken. Då treng de ikkje spørja etter meg, seier Aslaug Telle på videoen. På videoen, produsert av Jøran Ingvaldsen, kjem det klart fram at på torsdagane må alt anna vika for Aslaug som følgjer søstera si, Sella, som er blind.

Video om TREFF+

Videoen viser korleis det er å vera aktiv i alderdomen og kva tilbod som Treff+ og bestillingsbussen gjev. 

- For ti minutt sidan var det dans her. No er vi klare for premiere. Eigentleg er det ikkje skodespelarane som er her, men folk som er heilt ekte. Her er skikkelege tøffingar, her er leiar av eldrerådet Berit Anita Larsen og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Ordføraren er her fordi ho er så glad i å snakka med folk, sa frivilligkoordinator Unni Sørensen hjå Omsorgssjefen då ho ønskte dei mange frammøtte velkomen på premieren på Seniorsenteret.

Sosial arena for godt vaksne

Ordførar Marianne Sandahl var imponert over filmen og skodespelarane, Sella Tellnes, Aslaug Telle og Berit Anita Larsen.

Munter prat rundt boret. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Sella Tellnes, Aslaug Telle og Berit Anita Larsen.
Munter prat rundt bordet. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Sella Tellnes, Aslaug Telle og Berit Anita Larsen.

- Filmen var svært flott og viste mangfald og allsidigheit. Det er flott at så mange brukar dette tilbodet.  Hugs at det er gjennom bruk av bussen at vi klarerer å oppretthalda tilbodet. Ved å bruka tilbodet til Treff+ og bestillingsbussen vert det kort veg til forretningane og plasser du kan eta. Det er viktig å ha ein sosial arena for godt vaksne, sa ordføraren.

Ein dag på Seniorsenteret er gjerne dagen for dei treffsikre kommentarane.

- Marianne, eg kjende deg ikkje igjen for du er blitt så tynn, var det ei av damene som sa til ordføraren då det var tid for prat rundt borda.

- Med bestillingsbussen får eg reisa til stader i kommunen vår eg ikkje har vore før. Eg får vera med på sightseeing på denne måten, kom det frå ein av brukarane.

- Vi skulle gjerne hatt ein plass å sitja når vi er ferdige med handlinga og ventar på bussen, seier ei av damene.

Direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, tok ballen straks.

- Eg noterer meg ønsket om stolar å sitja på. Vi skal sjå på kvar vi kan plassera stolane. Elles må eg seia at det har vore utruleg stimulerande å vera med på dette arbeidet. Bussen er svært viktig, og eg drøymer om at bussen går oftare. Eg vil takka ordføraren og dei andre representantane frå kommunen for samarbeidet og den flotte filmen, sa Skålnes som er med i styret for Treff+.

Tekst og foto:: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå premieren:


Sist endret: 28.02.2019