Facebook ikon Twitter logo Print side

Behandlar budsjettet for 2019

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på det siste møtet før jul, 4. desember, gje innstilling til budsjett for 2019. Også komité for plan og utvikling (KPU) skal ha møte den 4. desember.



Formannskapet behandla budsjettet i ekstramøte i går (tysdag) og endra satsane på eigedomsskatt frå to ti tre promille. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak den 13. desember.

Rehabiliterer Foldnes skule for 37 millionar kroner

Til møtet i KDF ligg det sak om rehabilitering av Foldnes skule. Rådmannen går inn for å gjennomføra ei rehabilitering innanfor ei kostnadsramme på 37 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Det «raude» bygget (hovudbygget) vart sommaren 2018 sanert for asbest innvendig. I dette bygget er det gymnastikksal, administrasjon, grupperom og undervisningsareal. Planen er at sjette og sjuande årstrinn, som dette skuleåret går på Brattholmen skule, skal koma tilbake til skulen på Foldnes frå hausten av etter at rehabiliteringa er fullført. Rådmannen skriv at dersom det vert vanskeleg å halda framdrifta, vert klasserom og personalfunksjonar prioriterte. Gymnastikksal og garderobar vil i så fall verta prioritert vekk.

Andre saker i KDF den 4. desember

  • Årleg rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, søknader om spelemidlar for tildelingsåret 2019
  • Prosjekt og arrangementstilskot - tildeling haust 2018
  • Tildeling av kulturstipend 2018
  • Tellnes skule, etterbruk, 2. gongs behandling
  • Nye adressenamn i Fjell kommune, 2018
  • Kandidatar til styreverv i Norsk kulturskuleråd - Hordaland 2019-2021

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til like etter møtet i administrasjonsutvalet som startar klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

KPU behandlar seks klagesaker

I tillegg til seks klagesaker, skal komité for plan og utvikling(KPU) behandla mindre endring av detaljreguleringsplan for Søre Bildøyna Vollvika og detaljregulering for Heimtun, Straume (drøftingssak).
Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 28.11.2018 00:36
Sist endret: 28.11.2018 00:45