Facebook ikon Twitter logo Print side

Behandlar finansiering for Sotrasambandet

Kommunestyret skal på møtet den 23. februar for sin del ta stilling til utbyggings- og finansieringsopplegget for Sotrasambandet. Tidlegare i februar gjekk formannskapet med åtte mot eí røyst inn for framlegget frå rådmannen.



Finansieringsopplegget er basert på ein bompengeperiode på 20 år. I innstillinga frå formannskapet vert det lagt til grunn ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida er auka frå 15 til 20 år.

Andre saker i kommunestyret den 23. februar

  • Serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen
  • Detaljregulering for Snekkevikneset, Snekkevika
  • Fullmakt i rettslege skritt i sak om eigedomsgrenser på Møvika
  • Suppleringsval til Fjell eldreråd

Før behandlinga av sakene tek til, vert det orientering om arbeidsmarknaden og næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til kokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 20.02.2017 06:00
Sist endret: 17.02.2017 12:05