Facebook ikon Twitter logo Print side

Behandlar økonomirapport

Kommunestyret skal på møtet den 29. august behandla økonomirapport pr. 31. august. Rapporten er sluttført pr. 20. august, og dermed er han delvis basert på estimat. Resultatet viser eit meirforbruk på om lag 18 millionar kroner.

Arkivfoto. Frå møtet 21. juni 2018
Arkivfoto. Frå møtet 21. juni 2018

Dette er om lag det same som etter første tertial, og rådmannen skriv at kostnadsveksten no truleg har stoppa opp. Han peikar likevel på at det er knytt uvisse til resultatet for dei fire siste månadene i avviklingsåret for Fjell kommune. Meirforbruket er i hovudsak knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Rådmannen føreslår å redusera skatteanslaget med sju millionar kroner og auka rammetilskotet med eit tilsvarande beløp.

Andre saker i kommunestyret den 29. august

  • Reduksjon av Fjellvar AS sitt sjølvkostfond for vatn og avlaup
  • Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019 – 2022, sluttbehandling
  • Søknad om skjenkeløyve for alkohol gr. 1, 2 og 3 - Bergen Gokartsenter AS
  • Erfaringar med nye parkeringstiltak ved Straume helsesenter, Straume terapisenter og Øygarden lokalmedisinske senter (LMS)


Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka13.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Klokka 11.oo er det kalla inn til møte i formannskaet (komitésalen) med behandling av saka om reduksjons av sjølvkostfondet til FjellVAR AS. Saksdokumenta kan du lesa her.


Sist endret: 23.08.2019