Facebook ikon Twitter logo Print side

Ber den nye kommunen om å prioritera trafikksikring langs Idrettsvegen

Fjell kommunestyre ønskjer så raskt som mogeleg å få byggja ein kulvert ved Sotra Arena og ber difor om at denne investeringa vert vurdert i samband med budsjettet for Nye Øygarden kommune for 2020 eller ubrukte midlar i Fjell kommune. På kommunestyremøtet i dag røysta mindretalet på ti medlemer på forslaget frå Sotralista om å gjennomføra prosjektet og fullfinansiera det med midlar frå ubundne investeringsfond.

Svein Bergh ønskte å gjennomføra trafikksikringstiltaket langs Idrettsvegen no, men fekk ikkje kommunestyrefleirtalet med seg.
Svein Bergh (Sotralista) ønskte å gjennomføra trafikksikringstiltaket langs Idrettsvegen no, men fekk ikkje kommunestyrefleirtalet med seg.

I vedtaket vert det bedt om at det vert starta opp med ein samla veg-, mobilitet og trafikktryggleiksplan for heile den nye kommunen.

Mindretalet, som røysta for å gjennomføra prosjektet no, var samansett av Sotralista, KrF og to uavhengige.
Spørsmålet om trafikksikring i dette området vart behandla i kommunestyret den 29. august under saka om økonomirapport. Det vart då vedteke at rådmannen skulle koma tilbake med oppdatert sak om inneheld verifiserte tal for eksterne bidrag og finansiering. Det har ikkje vore mogleg å få i stand bindande avtalar om ekstern finansiering frå verksemder eller større tilskot frå Danielsen skule eller Sotra Sportsklubb.

Dermed vert det opp til kommunestyret for den nye kommunen å følgja opp dette vidare.

Drøfta sak om Fjell kommunale pensjonskasse

Med 28 mot sju røyster tok kommunestyret drøftingssaka om Fjell kommunale pensjonskasse til orientering. Det vert i vedtaket vist til vedtektene i Fjell kommunale pensjonskasse paragraf 8-1 om vidare framdrift.

Bakgrunnen for denne saka er at fellesnemnda har gjennomført anbodskonkurranse for å avgjera kva pensjonsordning dei tilsette i Nye Øygarden kommune skal ha. På møtet i fellesnemnda den 9. oktober vart det vedteke at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) skal vera leverandør av forsikra løysing i den nye kommunen. Representantar frå Sotralista har stilt spørsmål om fellesnemnda kan vedta ny pensjonsleverandør utan at kommunestyret i Fjell har uttalt seg om kva som skal skje med Fjell kommunale pensjonskasse.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) fekk fleirtal for forslaget om å ta saka til orientering.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) fekk fleirtal for forslaget om å ta saka om pensjonskassen til orientering.

Nokre representantar var på møtet i dag kritiske til måten denne saka er behandla på. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og andre representantar forsvarte behandlingsmåten og stod fast på at saka er behandla formelt korrekt.

Mindretalet (Sotralista, eín medlem frå Frp og to uavhengige) røysta for å oppretthalda Fjell kommunale pensjonskasse og å ha ei delt pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune i ein overgangsperiode på to år. I mindretalet sitt framlegg heiter det også at Nye Øygarden kommune innan to år skal vurdera ny pensjonsløysing for dei tilsette i kommunen.

Trer ut som eigar av Driftsassistansen i Hordaland vatn og avlaup

Kommunestyret vedtok å tre ut som eigar av Driftsassistansen i Hordland vatn og avlaup (DIHVA) frå og med 31.12. 2019. DIHVA ønskjer å omdanna selskapet frå interkommunalt selskap til aksjeselskap med namnet Vannvest AS. Kommunestyret i Fjell rår til at kommunestyret i nye Øygarden kommune tek stilling til vidare medlemskap/eigartilhøve i Vannvest AS og seinast innan 3. juni 2020.

Overføring av medlemskap i Bergen og omland friluftsråd

Fjell kommune gjev sin tilslutnad til at kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Meland, Radøy, Lindås, Os og Fusa trer ut av Bergen og Omland friluftsråd med grunngjeving i kommunesamanslåinga. Samstundes gjev Fjell kommune sin tilslutnad til at dei nye kommunane Nye Øygarden, Alver og Bjørnafjorden vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd og overtek rettar og plikter frå sine respektive samanslåtte kommunar.

Skjenkeløyve

Kommunestyret vedtok at Holy Cow Sarto AS får innvilga vanleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3.

Økonomirapport

Kommunestyret tok økonomirapport for august og september til orientering. I økonomirapporten for september skriv rådmannen at dei økonomiske tiltaka som er sette i verk frå i vår/sommar viser nedgang i avviket mellom budsjett og rekneskap. Han skriv også at det må vera eit realistisk mål at Fjell kan gjera opp rekneskapen for 2019 i god balanse mellom utgifter og inntekter. Dei som tok ordet i saka understreka mellom anna at arbeidet retta mot dei som slit med psykisk helse må ha høg prioritet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 17.10.2019