Facebook ikon Twitter logo Print side

Bergen Havn vert aksjeselskap

Den 1. mai er vert Bergen og Omland havnevesen omdanna til eit aksjeselskap med namnet Bergen og Omland Havn AS.

Den nye godshamna skal lokaliserast på Ågotnes.
Den nye godshamna skal lokaliserast på Ågotnes.

Nettsida til Bergen Havn skriv at den største endringa vert at hamna går frå å vera ein stor eigedomsaktør til å fokusera fullt og heilt på hamnedrift og sjøtransport. Eigarane av det nye selskapet vert Bergen, Askøy, Austrheim, Fedje, Fjell, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund og Øygarden.

Bergen kommune skal overta godshamna på Dokken i Bergen, og Bergen og Omland havn AS skal leiga området fram til godshamna vert flytta frå Dokken til Ågotnes.

- No skal vi fokusera fullt og heilt på å styrkja sjøtransporten og bruka ressursane våre på å utvikla ei moderne og god hamnedrift, seier hamnesjef Johnny Breivik.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik er leiar av styret i Bergen og Omland havnevesen AS.

Les meir på nettsida til Bergen Havn.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Coast Center Base


Sist endret: 27.04.2019