Facebook ikon Twitter logo Print side

2,4 mill til strandrydding i regionen

Miljødirektoratet har tildelt 2,4 millionar kroner til regionen til tiltak mot søppel i havet. Pengane er løyvd til FjellVAR som skal gjennomføra prosjektet i regionen (Sund, Fjell og Øygarden).

Illustrasjonsfoto
Det er eit stort behov for å fjerna søppel i strandsona.

- Dette er ein gledens dag, og det er eit utruleg spennande prosjekt som vert realisert med desse pengane. Vi har fått ein stor del av pengane som er fordelte, seier dagleg leiar i FjellVAR, Bjarne Ulvestad. Totalt er det løyvd 25 millionar kroner til 36 prosjekt.

Ulvestad opplyser at dette er eit trekantsamarbeid mellom kommune, Norsk Gjenvinning og FjellVAR. I mai delte Miljødirektoratet ut 35 millionar kroner. Då vart det mellom anna gjeve 2,7 millionar kroner til opprydding av søppel i regi av Bergen og omland friluftsråd (BOF).

- Pengane skal brukast i løpet av 2017, og i dette nybrotsarbeidet skal vi mellom anna gjennomføra førebyggjande arbeid retta mot skuleklassar. Eitt av tiltaka er å prøva ut ei ordning med pant for innlevering av plast, seier Ulvestad.

Pengane skal gå til «utprøving av pant på plast, undervisning i skuleklassar, strandryddig og botnrydding» som det heiter i tildelinga. Miljøverdirektoratet opplyser at pengane er løyvd i revidert nasjonalbudsjett til ein tilskotsordning for tiltak mot forsøpling av havet. Med den siste tildelinga er det løyvd 60 millionar kroner til tiltak mot søppel i havet i 2017.

Les meir på nettsida til Miljøverndirektoratet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Caroline Cristensen


Publisert: 15.07.2017 02:18
Sist endret: 15.07.2017 02:27