Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøk årets energimesse på Sartor Senter; «Fra tankens kraft til bærekraft»

Onsdag 13. og torsdag 14.mars er det duka for årets energimesse på Sartor senter. Det blir den fjerde i rekka i sin noverande form, og tanken bak messa er at elevane i regionen skal få vise fram innovative og framtidsretta prosjekt som dei har arbeidd med på skulen.

Bilete frå energimessa i fjor; Thomas Wåge Hansen (til venstre) og Lukas Dalaker Eikefjord viser ordførar Marianne Sandahl Bjorøy dronene dei har laga.
Bilete frå energimessa i fjor; Thomas Wåge Hansen (til venstre) og Lukas Dalaker Eikefjord viser ordførar Marianne Sandahl Bjorøy dronene dei har laga.

Det blir stands frå forskjellege barneskular, ungdomsskulane våre og Sotra vgs. Tema for årets messe er «fra tankens kraft til bærekraft». Messa er ein del av kunnskapsbyen og er eit resultat av skule-næringslivsamarbeidet i regionen. Energimessa vert arrangert i samband med marstreffet til Vest Næringsråd som i år har tema «Fra skole til næringsliv»

Opning av energimessa

Ordførar Marianne Bjorøy skal helda opningstale då messa vert opna like ved XXL på Sartor senter onsdag 13. mars kl 1200.

Utdeling av prisar

Onsdag held messa open til klokka 20 og, det vert delt ut prisar av ulike kategoriar til elevane om lag kl 1800.

Prisar i tre kategoriar:

  • Beste stand
  • Beste innovative stand
  • Mest publikumsvenlege stand

Torsdag 14. mars opnar messa like etter marstreffet til Vest næringsråd om lag kl 1200 og er open til kl 1800.

Skulane i regionen ynskjer alle velkomen til Energimessa 2019 og lovar at dei besøkande får sjå mange spennande prosjekt.


Sist endret: 28.02.2019