Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøk av leiinga i Helse Bergen

Helse Bergen med styreleiar Svein Gjedrem i spissen var på besøk i Fjell og regionen i dag. Føretaksleiinga møtte dei tre ordførarane i regionen og helse- og omsorgsleiinga i Fjell. Etter møtet og omvising på lokalmedisinsk senter på Straume, gjennomførte Helse Bergen styremøte på Fjell rådhus.

Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, lyttar ivrig til prosjektleiar Eirik Milde då han gav omvising på lokalmedisinsk senter.
Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, lytta ivrig til prosjektleiar Eirik Milde då han gav omvising på det lokalmedisinske senteret.

- Vi ville gjerne sjå korleis Helse Bergen vert oppfatta, og dersom det er «stein i skoen», vil me gjerne høyra om det, sa styreleiar Svein Gjedrem etter at Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde ønskt gjestene velkomen til Fjell og regionen. Gjedrem oppsummerte mellom anna med å seia at regionen her ute viser stor vilje til samarbeid og er framsynte.

Som tidlegare Viking-spelar ønskte ikkje Gjedrem noko fokus på situasjonen for Stavangerlaget som denne sesongen må spela på det nest øvste nivået, OBOS-ligaen. I sist veke tapte Viking 0-5 for Nest-Sotra!

Øygarden-ordførar, Børge Haugetun, som for tida også er leiar av fellesnemnda for Nye Øygarden kommune, helsa styret og føretaksleiinga ved å visa til at innan helseområdet er ein tidleg ute med tanke på bygginga av den nye kommunen.

- Fram til 2020 må dei tre kommunane her ute fungera, og frå januar 2020 må den nye kommunen fungera som han ikkje har gjort noko anna, sa Haugetun.

Godt tillitsforhold mellom administrasjon og politikarar

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om store prosjekt og nemnde mellom anna etablering av Sotra Kystby, nytt sotrasamband og lokalmedisinsk senter som står klart til bruk innan utgangen av 2018. Ho understreka at det er eit godt tillitsforhold mellom administrasjon og politikarar og at administrasjonen har fått delegert mykje av ansvaret for arbeidet med samhandlingsreforma.

Frå venstre; Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, styreleiar i Helse Bergen, Svein Gjedrem og administrerande direktør i Helse Bergen, Evind Hansen.
Frå venstre; Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, styreleiar i Helse Bergen, Svein Gjedrem og administrerande direktør i Helse Bergen, Evind Hansen. I bakgrunnen; informasjonsdirektor i Helse Bergen, Erik Viganderder.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro understreka i samtalen at lokale helsetilbod også er godt for brukarane med tanke på trafikksituasjonen.

Viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad takka for det gode samarbeidet mellom Helse Bergen og kommunane i vest. Ho orienterte om samhandlingsstrukturen med toppleiarmøte og fire overordna samarbeidsutval (Norhordland, Bergen kommune, Voss og bergensregionen).

- Vi samarbeider om samlokalisering, utviklings- og prosjektarbeid, desentraliserte spesialistoppgåver som til dømes dialyse, oppgåveoverføring, arbeidsrelaterte tenester og nettverk og kompetansebygging, sa Faugstad.

Omsorgssjef Line Barmen orienterte om intermediær avdeling på Straume der dei tre kommunane har eit tett og godt samarbeid med Helse Bergen. Dei aller fleste brukarane reiser heim etter opphaldet på avdelinga. Gjennomsnittleg er opphaldet på intermediær avdeling 5,5 døger.

- Tilbakemeldingane frå brukarane er gode. Då me spurde brukarane om dei kunne velja mellom opphald på intermediær avdeling og å liggja fleire døger på sjukehuset, svarte 94 prosent at dei ville vera på avdelinga her på Straume, sa Line Barmen og fekk fram smilet blant dei som var til stades på møtet.

Helsesjef Terje Handal hadde mellom anna JordmorHeim som tema. Dette samarbeidet starta mellom Fjell, Kvinneklinikken og Haukeland universitetssjukehus i 2011. Året etter kopla Sund og Fjell seg på dette prosjektet som frå 2017 er organisert som eit interkommunalt tiltak.

Målet er å etablera og utvikla ei moderne, trygg og nær barselsomsorg i kommunane i vest. I 2017 nytta 79 prosent av familiane seg av dette tilbodet. Mor og barn reiser heim frå Kvinneklinikken i gjennomsnitt eitt og eit halvt døger etter fødsel.

Handal orienterte også om kva tenester som skal etablerast i det nye lokalmedisinsk senteret.

Her er fleire bilete frå møtet og omvisinga i dag:

Anne Sissel Faugstad

 

 

 

 

 


Publisert: 20.06.2018 14:14
Sist endret: 20.06.2018 14:26