Skuleleiarara frå Paris-regionen og skulefolk i Fjell
Det har vore tre lærarar og ein skuleleiar på besøk på skulen, og skulebesøket er ein del av eit EU-prosjekt. Lærarane har vore særleg interesserte i korleis vi driv språkopplæring og korleis bruk av digitale verktøy kan styrke undervisninga i særleg engelsk, men og andre framandspråk.
For oss på Knappskog skule har det vore spennande og lærerikt å få høyre litt om det franske skulesystemet. Leiing, tilsette og Anne Swensson som representerer Skulesjefen takkar for besøket, og vi vil forsøke å oppretthalda kontakten med våre nye franske vener.
Odd Erik Kjeldstad
rektor
Sist endret: 18.05.2017