Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøk frå Sør-Korea

Ein delegasjon på 16 offentleg tilsette frå Sør-Korea var på besøk i Fjell kommune i dag. Gjestene var særleg opptekne av korleis kommunen utøvde service overfor innbyggjarane.

Teksten på plakaten viser kva gjestene arbeider med heile i Sør-Korea og at dei no er på besøk i Noreg og Finland.
Teksten på plakaten viser kva gjestene arbeider med heile i Sør-Korea og at dei no er på besøk i Noreg og Finland.


Delegasjonen kjem frå Chungcheongnamdo-provinsen midt i landet som har om lag 2,2 millionar innbyggjarar. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om Fjell kommune og om den nye kommunen frå januar 2020. Gjestene stilte spørsmål om korleis ein får til å smelta saman tre organisasjonar.

Gjestene frå Sør-Kora var tilsette på offentlege kontor som har ansvar for å behandla klagesaker. Dette gjeld ikkje minst klager på byggjesaker. Dei ville til dømes gjerne vita korleis Fjell kommune behandlar klager frå naboar og kven ein kan klaga til. I Sør-Korea må dei tilsette ta ein spesiell eksamen for å arbeida med slike saker.

Ordføraren viste til at i Noreg vert det utarbeidd planar, til dømes reguleringsplanar, som er ein viktig premiss for eventuell klagebehandling.

- Det er viktig for Fjell og stå fram som ein serviceinnstilt kommune, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

Hyggeleg prat utanfor rådhuset.
Hyggeleg prat utanfor rådhuset.

Delegasjonen er på eit fire dagar langt besøk i Noreg. I morgon skal dei på besøk på ein sjukeheim i Oslo.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 02.09.2019