Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøk frå Stortinget

På onsdag var fraksjonen for Høgre i helse- og omsorgskomitéen på Stortinget besøk i Fjell. Politikarane ville mellom anna sjå lokalmedisinsk senter på Straume.

Frå venstre; Iris Aunvik Tveten, Torill Eidsheim, Thordis Marie Widvey, Sveinung Stensland,  Ernst Einarsen, Astrid Nøklebye Heiberg og Gudrun Hesselberg.
Frå venstre; Iris Aunvik Tveten, Torill Eidsheim, Thordis Marie Widvey, Sveinung Stensland,  Ernst Einarsen, Astrid Nøklebye Heiberg og Gudrun Hesselberg.

Det var leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen (H), og rådmann Steinar Nesse som tok imot gjestene frå Stortinget.  Det var omvising på Straume terapisenter og det lokalmedisinske senteret som er ferdigstilt før jul.

- Medlemene i komitéen fekk mellom anna orientering frå rådmannen om arbeidet med prosjektet «Sjef i eige liv». Rådmannen var tydeleg på at Fjell kommune førebur seg på å overta fleire oppgåver som i dag er statlege. Sjølv understreka eg at vi står framfor ein stor vekst i befolkninga over 80 år og at det krev fleire institusjonsplassar, seier Ernst Einarsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 23.08.2018 10:47
Sist endret: 23.08.2018 10:54