Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøker alle 75 åringer i Fjell kommune

Fjell kommune starter nå opp med tilbodet førebyggjande og helsefremjande heimebesøk til alle som fyller 75 år i 2018, dette dreier seg om 151 personar.

Bodil Giil, spesialsjukeplaiar
Spesialsjukepleiar Bodil Gill drar på heimebesøk i kommunen.

I desse dagar vert det sendt ut brev til dei som fylte år i januar, februar og mars der det er sett av forslag til tidspunkt for besøket.

Dei fleste eldre bur i eigen heim og klarar seg bra. Fjell kommune ynskjer å bidra til at innbyggjarane skal kunne bu lengst mogeleg i eigen heim, føle seg trygge, oppleve livskvalitet og god helse.

Føremålet med tilbodet er å etablere kontakt gjennom ein samtale som tar utgangspunkt i det som opptar den einskilde og bidra til at ein kan halde seg frisk og aktiv lengst mogeleg. Aktuelle tema kan vere ernæring, helse, fysisk aktivitet, bustadtilhøve og branntryggleik. Ein vil få ei informasjonsmappe om kva tilbod som er i Fjell kommune samt informasjon om kvar ein kan ta kontakt dersom ein seinare skulle ha behov for hjelp.

Tilbodet er frivillig og gratis.

Les meir om førebyggjande heimebesøk

Tekst: Bodil Giil
Foto: Monica Hovland


Publisert: 11.04.2018 08:18
Sist endret: 11.04.2018 08:23