Facebook ikon Twitter logo Print side

Besøkte Straume etter å ha tildelt bustadpris

I går var to representantar frå Norsk Bolig- og Byplanforening (Norsk BOBY) på besøk i Fjell for å verta kjent med utviklinga av Sotra Kystby og korleis Sartor Storenter vert utvikla frå kjøpesenter til bysentrum. Den 7. november vart prosjektet «Straume sentrum» kåra som vinnar av Bolig- og byplanprisen (BOBY-prisen 2016).

Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, John Einarsen,Guri-Mette Vestby, Karin van Winjngaarden og Erik Rennedal.
Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, John Einarsen,Guri-Mette Vestby, Karin van Winjngaarden og Erik Rennedal.


Leiar i Norsk BOBY, Karin van Wijngaarden og Guri-Mette Vestby frå Norsk BOBY fekk saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, grundarane John Einarsen og Erik Rennedal, plan- og utbyggingssjef Berit Karin Rystad og fleire frå hennar avdeling ei grundig omvising i senterområdet.

- Direktør i Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, gav oss ei god innføring i tankane bak utforminga av senteret. Representantane for Norsk BOBY sette stor pris på å verta kjent med sentrumsområdet etter at «Straume sentrum» fekk denne prisen. Vi inviterte dei til å koma tilbake om fem å for å sjå eit endå meir utbygt sentrumsområde, seier Marianne Sandhal Bjorøy.

Representantane frå Norsk Boby overleverte eit stort maleri, teikna av Magne Furuholmen.

I november 2016 tok administrerande direktør i Sartor Holding, Ernst Einarsen, og plan- og utbyggingssjef i Fjell kommune, Berit Karin Rystad, imot prisen på Norsk planmøte i Stavanger.

- I utvikliga av Straume sentrum har Fjell kommune og Sartor Holding vist «forbilledlige» løysingar på utfordringar som svært mange norske byar og tettstader har til felles, heitte det i grunngjevinga.

Straume sentrum har valt alternative vegval

Det vert vist til at i staden for utvikling av ein ønska bystruktur, med byliv i offentlege gater og byrom, vert det framleis vedtekne meir introverte, storskala kjøpesenter omgjeve av veganlegg og restareal, og utanfor sentrumsgrensene.

- I Straume sentrum er det gjort heilt andre vegval. Også her var utgangspunktet eit tradisjonelt og lukka kjøpesenter, men gjennom eit tett og aktivt samarbeid mellom senteret og kommunen, er det no under utvikling eit utadvent og urbant område. Felles motto for arbeidet «frå kjøpesenter til by» og hovudgrep i utviklinga er å skapa ein ny bystruktur som gjev nye byrom og opnar for liv mellom husa og eit mangfald av aktivitetar gjennom blanda arealbruk, gjekk det fram av grunngjevinga.

Marianne Sandahl Bjorøy og Thomas Skålnes.
Marianne Sandahl Bjorøy og Thomas Skålnes

Føremålet med prisen er å heva samfunnets si interesse og respekt for god bustad- og byplanlegging, og styrkja fokuset til fagmiljøet på kvalitet i planprosessar, planprodukt og utbyggingsprosjekt. Prisen vert delt ut annakvart år. St. Olavs hospital, Bybanen i Bergen og T-baneringen i Oslo er mellom vinnarane.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 03.02.2017 12:01
Sist endret: 03.02.2017 12:09