Facebook ikon Twitter logo Print side

Bestillingsbussen hausten 2018

Bussen er tilrettelagt for dei som skal delta på AKTIV+ og TREFF+, men alle som har behov for transport til og/eller frå Sotra Arena tysdagar eller Straume terminal torsdagar kan nytta dette busstilbodet.

Bilde for bestillingsbussen

Tysdagar - AKTIV+:

Bussen er framme ved Sotra Arena kl. 10.15. Aktiv+ aktivitetane startar kl. 10.30.Returen er kl. 13.15. Bestill innan måndagar kl. 14.00.

Torsdagar - TREFF+:

Bussen er framme ved Straume terminal kl. 10.45. Treff+ aktivitetane startar kl. 11.00Retur frå terminalen kl. 14.00.Bestill innan onsdagar kl. 14.00.

Du avtalar tid og stad for henting når du ringer Servicetorget på tlf. 55096000. Billetten kostar 37,- kvar veg, men du kan kjøpa klippekort med ti reiser for 350,-. Betal gjerne med kort. Du kan tinga fast plass, då treng du berre ringa når du ikkje skal vera med.

Les meir om bestillingsbussen her

Om du lurer på kva som er på programmet for Aktiv+ og Treff+, kan du sjekka det her.

Nye og gamle seniorar er hjarteleg velkomne!


Publisert: 22.08.2018 07:17
Sist endret: 22.08.2018 07:23