Facebook ikon Twitter logo Print side

Bli med på nasjonal strandrydde-dag 6. mai

Den nasjonale strandryddedagen har vore arrangert kvar vår sida 2011. Det er organisasjonen Hold Norge rent som står bak aksjonen som har spreidd seg til fleire nordiske land. Laurdag den 6. mai er det klart for årets strandryddedag.

Du kan gjera avtale med FjellVAR og Norsk Gjenvinning om henting av avfall.
Du kan gjera avtale med FjellVAR og Norsk Gjenvinning om henting av avfall. Foto: Caroline Christiansen

Den nasjonale strandryddedagen har vore arrangert kvar vår sida 2011. Det er organisasjonen Hold Norge rent som står bak aksjonen som har spreidd seg til fleire nordiske land. Laurdag den 6. mai er det klart for årets strandryddedag.

I Fjell kommune har aksjonen vore gjennomført, godt tilrettelagt av Fjell VAR og med stor innsats frå frivillig lag og organisasjonar.

I år har ikkje fjellsokningane venta på strandryddedagen. Heilt siden ein gåsenebbkval full av plast måtte bøta med livet ved Vindenes i januar i år, har lag, organisasjonar, familiar og einskildpersonar vist eit enormt engasjement for rydding av strendene i kommunen vår.

- Kvalen skapte eit stort fokus på marin forsøpling både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi vonar engasjementet varar og gir synleg utslag på Strandryddedagen 6. mai. I fjor registrerte Fjell VAR om lag 30 aksjonar, - og sjølv om mange har delteke på fleire ryddeaksjonar allereie, er det eit mål at det vert enda fleire aksjonar i år, seiar Hanna Gjesdal hjå Plan- og utbyggingssjefen.

Illustrasjon
Foto: Caroline Christiansen

Praktisk info

Saman med Fjell VAR, Bergen og omland friluftsråd og Norsk Gjenvinning, har Gjesdal sett opp nokre rammar for den frivillige innsatsen:

Dei som vil gjennomføra ein ryddeaksjon kan henta gratis søppelsekkar og hanskar hos Fjell VAR i Lonavegen 20.

Det er lurt å ta ein titt på http://holdnorgerent.no/ryddeportalen/ for å sjå strender som er registrerte med ryddebehov, for å melda om eigen ryddeaksjon og for å registrera mengde som er blitt rydda. På ryddeportalen finn ein også ein nyttig rettleiar for strandrydding.

For å mobilisera nærmiljøet kan det vera ein god idé å informera om tid og stad for ryddeaksjon på Facebook-sida Frå til vik vik.

Avfallet som vert samla inn i samband med Strandryddedagen skal samlast i søppelsekkar og leverast gratis på FjellVAR Straume (Lonavegen 20).

Dersom du har utfordringar med å levera innsamla avfall på gjenbruksstasjonen, er det nokre alternativ:

  • Du kan gjera avtale med FjellVAR på førehand om ein stad Fjell VAR kan hente avfallet.
  • Du kan levera i containerar som Norsk Gjenvinning sett ut i ei periode på Vindenes kai.
  • Du kan avtale henting av avfall med båt. Dette vert gjort påførehand ved å venda seg til Bergen og omland friluftsråd på e-post marintavfall@bof.no

Det er mange aktørar som har gjort og gjer ein kjempestor innsats med strandrydding, mange einskildpersonar, organisasjonar og næringslivsaktørar. Både oppdrettsnæringa og privatpersonar har vendt seg til kommunen og ålmenta med tilbod om å henta avfall med båt.

- langsiktig og varig løysing på utfordringa med marint avfall må ein finna nasjonalt og globalt. At havet stadig bringar store mengder avfall inn til vår skjergard kan gjera ein motlaus, men dyrelivet ved våre strender er heilt avhengig av at vi har slike lokale ryddeaksjonar – mens vi ventar på dei store løysingane, seier Hanna Gjesdal.

 


Publisert: 03.05.2017 09:41
Sist endret: 03.05.2017 09:48