Facebook ikon Twitter logo Print side

Bompengesaka klar for behandling

Statens vegvesen føreslår ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1 for Sotrasambandet. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida er auka frå 15 til 20 år. Dette går fram av brevet Statens vegvesen denne veka har sendt til fem kommunar og fylkeskommunen.

Ill. Statens vegvesen
Ill. Statens vegvesen

I Statens vegvesen sitt forslag til utbyggings- og finansieringsopplegg er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 9,6 millionar kroner i 2017-nivå. Dette er om lag 1,9 milliardar kroner meir enn det overslaget som vart lagt til grunn i stortingsmelding 26 (2012-2013). Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar, og det er føreslått ein statleg del av finansieringa på 53 prosent. Det er rekna med sju milliardar kroner i samla bompengeinntekter. Dette skal dekka lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidrag til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget)

Halv pris for el-bilar

Det er føreslått at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru. Nullutsleppskøyretøy skal betala halvparten av ordinær takst om Statens vegvesen får det som det vil. Bompengesaka skal til behandling i kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Askøy og Bergen. Fylkeskommunen skal også behandla saka og i tillegg ta stilling til garanti for låneopptak.

Det er lagt til grunn ein rabatt på 20 prosent ved bruk av brikke og inngått avtale for køyretøy gruppe eín. Prisen for køyretøy i gruppe to er sett til 98 kroner. Der er det ikkje lagt inn rabattordning ved bruk av brikke. Takstane vert justerte i samsvar med prisutviklinga.

Vidare behandling

Etter behandling i kommunane (inklusve fylkeskommunen), vert saka sendt vidare til Vegdirektoratet der prosjektet mellom anna skal kvalitetssikrast eksternt (KS2). Det vert fremja ein stortingsproposisjon om finansiering og gjennomføring av prosjektet. Etter stortingsvedtak vert det utforma avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet. Prosjektet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (Offentleg privat samarbeid). OPS-kontrakten er ein avtale mellom staten og OPS-selskapet og vedkjem ikkje bompengeselskapet.

Omfattande prosjekt

Det skal byggjast totalt 9,4 kilomter ny firefelts veg frå Kolltveit i Fjell til Storavatnet i Bergen. Totallengda for den nye brua vert om lag 950 meter. Breidda vert 29,5 meter. Det vert vidare bygd to mindre bruer; over Bildøystraumen og over Straumssundet. Det er lagt opp til buss i blanda trafikk på den nye hovudvegen mellom Kolltveit og Bildøyna og på oppgradert lokalveg mellom Bildøyna og Straume. Bussen køyrer på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det vert kollektivfelt på delar av srekninga mellom Valen og Storavatet. Nye bussterminalar på Straume og ved Storavanet inngår i prosjektet rv 555 Sotrasambandet.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 28.01.2017 01:40
Sist endret: 28.01.2017 01:45