Facebook ikon Twitter logo Print side

Brannsjefen opphevar forbodet mot open eld

Skogbrannindeksen syner no mindre fare for skog og utmarksbrann, brannsjefen opphevar difor forbodet mot open eld som vart innført i Fjell og Sund 8. mai.

Ill.

Nedbør og lågare temperatur er nokre faktorar som gjer at skogbrannfaren no er lågare.

Brannvernet minner om at det generelle forbodet om bruk av open eld i eller i nærleiken av skog eller annan utmark gjeld fram til 15.september. Det vert difor oppmoda om å vise stor aktsemd ved bruk av open eld i utmark.

Les meir på nettsida til Sotra Brannvern.


Publisert: 19.05.2017 14:13
Sist endret: 19.05.2017 14:23