Facebook ikon Twitter logo Print side

Brattholmen skule ønskjer elevane frå Liljevatnet skule velkomen til neste skuleår

Rektor Dagfinn Ellingsen på Liljevatnet skule og rektor på Brattholmen skule, Anja Bøe Solli, samarbeider tett i desse dagar. Konsekvensen av kommunestyrevedtaket i mai 2018 om å leggja ned Liljevatnet skule er at elevane på Liljevatnet skule skal gå på Brattholmen skule frå neste skuleår av.

Dagfinn Ellingsen (rektor Liljevatnet skule) og Anja Solli (rektor Brattholmen skule)Rektor Dagfinn Ellingsen (Linjevatnet skule) og rektor Anja Solli (Brattholmen skule).

Dei to skulane arbeider no med å leggja til rette for at elevane på Liljevatnet skule vert overførte på ein trygg og god måte til Brattholmen skule.

– Eg registrerer at elevane meir og meir er innstilte på at det vert noko nytt frå hausten av. Nokre av dei er nok litt meir prega av det enn andre, men vi gjer det vi kan for å trygga alle elevane. Det er gjennomført kartleggingssamtalar med dei tilsette, og eg vil også gje stor ros til dei tilsette for den positive innstillinga dei har til det som skal skje. Dei er innstilte på å løysa overgangen til ny skule til beste for elevane, seier Ellingsen.

Dette skuleåret er 6. og 7. årstrinn på Foldnes på «besøk» på Brattholmen medan skulen deira vert rehabilitert. Difor kan det trygt seiast at rektor på Brattholmen skule, Anja Solli, har erfaring med å ta imot elevar frå naboskular.

– Vi er absolutt klare for å ta imot elevane frå Liljevatnet. Leiinga på dei to skulane hadde for to veker sidan møte med FAU på dei to skulane. Eg opplevde møtet som svært positiv. Stemninga var god og det kom gode spørsmål frå dei som deltok på møtet. Dette var eit godt grep. Eg opplever også arbeidsgruppa i regi av Skulesjefen som eit svært viktig organ for å sikra ein god overgang både for elevane og dei tilsette, seier Anja Bøe Solli.

Brattholmen skule er godkjend for 420 elevar. Inklusive elevane frå Liljevatnet skule (95 elevar dette skuleåret) er det venta at elevtalet på vil vera om lag 315 elevar frå august. Skulen er dermed godt dimensjonert for å ta imot elevane frå Liljevatnet.

Skuleskyss og trafikktryggleik

Det vert arbeidd med å avklara kven som skal få skuleskyss. Som følgje av auka elevtal vil trafikken, særleg om morgonen, auka.

– Vi er svært opptekne av å sikra god trafikktryggleik for elevane og dei tilsette. Om kort tid startar arbeidet med å byggja ny og større parkeringsplass like nord for skulen. Noverande parkeringsplass vert bygd om til snuplass for bussar og tilrettelagd for av- og påstiging. Dette vil betra trafikksituasjonen ved skulen, seier Anja Bøe Solli.

Trygt og godt læringsmiljø

Leiinga på dei to skulane samarbeider tett for at elevane også frå neste skuleår skal få eit trygt og godt fagleg undervisningstilbod. Denne veka vert dei tilsette på Liljevatnet skule inviterte til Brattholmen skule for å verta kjend med skulen og vidareføra planlegginga av neste skuleår. Elevane på Liljevatnet skule vert klassevis (1. – 6. trinn) inviterte til Brattholmen for å verta kjend med skulen og elevane der. Det er gjennomført ROS-analyse for overføringa på begge skulane (ROS: Risiko og sårbarheit).

– Vi har eit klart inntrykk av at både elevane og dei tilsette ser fram til skulestart i august. Dei tilsette er innstilt på at dette får vil til, og vi registrerer også forventning blant elevane til å verta kjend med nye medelevar, seier dei to rektorane.

Rektorane fortel at det også er eit godt samarbeid med FAU på dei to skulane. I mars skal FAU på dei to skulane ha fellesmøte med sikte på å arbeida saman fram mot skulestart.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 07.02.2019