Facebook ikon Twitter logo Print side

Brot på vassleiding på Ågotnes

Om lag 60 vassabonnentar på Maggevarden på Ågotnes er utan vatn sundag kveld. Grunnen til dette er vassleidningsbrot ved Skjergardsvegen.



FjellVAR opplyser at fleire abonnentar var i utgangspunktet utan vatn som følgje av vassleidningsbrotet, men med «omlegging» er det no (kl. 20.50) om lag 60 abonnentar som er råka og er utan vasstilførsel.

FjellVAR arbeidet med å retta opp feilen. Det er sett ut vasskanner på fem liter ved eit vassuttak ved Maggevarden brannhydrant.

FjellVAR opplyser at Kvednatunet har vatn som normalt.


Publisert: 18.06.2017 20:46
Sist endret: 18.06.2017 20:48