Facebook ikon Twitter logo Print side

Budsjettet: Fjernar eigedomsskatt på næringseigedom

Kommunestyret vedtok torsdag kveld budsjettet for 2019. Også kommuneplanen sin handlingsdel (2019-2022) og økonomiplanen for 2019-2022) vart vedteken av kommunestyret på det siste møtet før jul. Frå 2019 vert det ikkje eigedomsskatt på næringseigedom i Fjell.

I år hadde Arbeidarpartiet og Høgre kvart sitt forslag til budsjett. Til venstre; gruppeleiar Egil Haaland (Ap) og til høgre; Ernst Einarsen (gruppeleiar i Høgre).
I år hadde Arbeidarpartiet og Høgre kvart sitt forslag til budsjett. Til venstre; gruppeleiar Egil Haaland (Ap) og til høgre; Ernst Einarsen (gruppeleiar i Høgre).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy minna forsamlinga om at dette var siste gong Fjell kommunestyre gjorde budsjettvedtak.

Det var Høgre sitt framlegg til driftsbudsjett som vart vedteke. Vedtaket vart gjort med 22 røyster (Høgre, Frp, KrF, Senterpartiet og eín representant frå Venstre). Arbeidarpartiet sitt framlegg fekk også støtte frå SV, Miljøpartiet Dei Grøne og eín representant frå Venstre (13 røyster).

I forhold til rådmannen sitt framlegg inneber vedtaket at eigedomsskatt på næringseigedom vert fjerna (jf. sak nedanfor). Andre endringar er Basecamp Repro (500 tusen kroner), matomsorg (250 tusen kroner), eingongsstønad til Home Start (400 tusen kroner, tillegg til driftstilskot), 13 millionar kroner ekstra til drift av lokalmedisinsk senter, brannvern (513 tusen kroner), 110-sentral brannvern (853 tusen kroner), velferdsmidlar (500 tusen kroner), Fjell festning (500 tusen kroner, soppsanering), opplæringsmidlar 234 tusen kroner og 600 tusen kroner til siste band av bygdeboka.

Tilleggsløyvingane og mindreinntekter frå eigedomsskatt vert dekt inn med bruk av overskot på drifta (fem millionar kroner), auka skatteanslag (fire millionar kroner), redusert leige av barnehagelokale (to millionar kroner), auka utbytte frå BKK (1,2 millionar kroner) og bruk av disposisjonsfond (10,8 millionar kroner). KrF sitt forslag om å auka tilskotet til Museum Vest (øyremerkt Fjell festing) på 300 tusen kroner vart innbakt i Høgre sitt framlegg.

Tilleggsløyvingane og redusert eigedomsskatt vert dekt inn ved statleg refusjon på ressurskrevjande brukarar, overskot på rådmannen sitt budsjettframlegg, auka skatteanslag, redusert leige av barnehagelokale, auka utbyte BKK og bruk av disposisjonsfond (10,85 millionar kroner).

Arbeidarpartiet sitt framlegg, som ikkje fekk fleirtal, har fleire av dei same tilleggspunkta som vedtaket. Ein av skilnadene er at i deira framlegg er skatt på næringseigedom oppretthalden.

Frå møtet i dag.
Frå møtet i dag. Musikkterapeutane hadde informasjon og fekk kommunestyrerepresentantane i julestemning.

Endringar i investeringsbudsjettet

På investeringsbudsjettet er «Geobrøannar» på 18 millionar kroner teke ut av budsjettet. Vedlikehald på bygg er redusert med seks millionar kroner, tilleggsløyving til rundkøyring Arefjordvegen (2,9 millionar kroner), tre millionar kroner ekstra til trafikksikringsmidlar, oppgradering uteområde på skular og 11,4 millionar kroner ekstra til opprusting av Foldnes skule. Totalinvesteringsramme er 229 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter. Låneopptaket er 186,3 millionar kroner.

I Sotralista sitt framlegg, som ikkje fekk fleirtal, er det mellom anna sett av 20 millionar kroner til full drift av lokalmedisinsk senter og tilbakeføring av eigedomsskatt. I investeringsprogrammet røysta Sotralista mellom anna inn for å setja av 60 millionar kroner til ny skule på vestsida til erstatning for Skålevik skule. Sotralista ville også setja av 100 millionar kroner (forskottering) til utbetring av heile Vestsidevegen.

Miljøpartiet Dei Grøne føreslo at Fjell kommune ser på moglegheitene for at kommunen vert miljøfyrtårnsertifisert og fekk heile kommunestyret med seg på det forslaget.

Dei fleste eigenbetalingar og satsar aukar med 2,8 prosent neste år. Vassavgifta vert redusert med fem prosent, medan avlaupsavgifta vert uendra. Renovasjonsavgifta er føreslått auka med fire prosent.

Aukar satsen på eigedomsskatt, men fjernar skatt på næringseigedom

Kommunestyret vedtok, etter ein lengre debatt med 20 (Høgre, Frp, KrF og Sotralista) mot 15 røyster å ta vekk næringseigedom som ein del av grunnlaget for eigedomsskatt i 2019. Mindretalet (Ap., SV, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Sp.) røysta for å halda fram med eigedomsskatt på både næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg som er omfatta av særskattereglande for petroleum.

Sjølv om kommunestyret er delt i synet på eigedomsskatt på næringseigedomar, er kommunestyret samla om å auka eigedomsskatten frå to til tre promille. Frp gjekk primært inn for å fjerna all eigedomsskatt, men røysta sekundært for Høgre sitt framlegg om å auka satsen frå to til tre promille og å fjerna næringseigedom som ein del av skattegrunnlaget.

I det opphavlege framlegget til årsbudsjett for Fjell kommune i 2019 var det lagt til grunn ein sats på eigedomsskatt på to promille. Bakgrunnen for at kommunestyret no aukar eigedomsskatten er at det i november veke kom fram nye opplysningar om tolking av reglar om eigedomsskatt ved samanslåing av kommunar. Finansdepartementet seier at utgangspunktet for den nye eigedomsskattesatsen er skattesatsen som vart brukt i den mest folkerike kommunen året før samanslåinga. Tidlegare kunne satsen for eigedomsskatt aukast med to promille pr. år, men reglane er no endra slik at opptrappinga er avgrensa til eín promille (eitt promillepoeng) årleg frå og med skatteåret 2019.

I utgreiinga går det fram at endringane kan få store negative utslag for eigedomsskatteinntektene for Nye Øygarden kommune.

Konkret vedtok kommunestyret å skriva ut eigedomsskatt på kraftverk, vindkartverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum i 2019 med ein sats på tre promille av skattetakst vedteke i eigedomsskattetakstnemnda.

Det vert truleg ikkje inntektsbortfall for industrikommunane. I Stortinget vart det denne veka lagt fram eit forslag frå regjeringspartia støtta av KrF om at Stortinget ber regjeringa koma tilbake med eit lovforslag som gjev kommunar som slår seg saman til ein ny kommune føreseielegheit for eigedomsskatteinntektene frå vasskraft, vindkraft og prosessanlegg, og som legg til rette at desse kan vidareførast i den nye kommunen etter samanslåing. Regelendringa må ikkje føra til brå auke i eigedomsskatten for bustader, fritidsbustader eller forretningseigedom frå eitt år til eit anna.

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune fekk tildelt Tilgjengeprisen.
Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune fekk tildelt Tilgjengeprisen. Sjå eiga sak om dette.

Ønskjer utsetjing av sak om pensjonsløysing

Jan Utkilen i Sotralista tok opp spørsmålet om pensjonsløysing for tilsette i Nye Øygarden kommune. Partssamansett utval for Nye Øygarden kommune gjekk på måndag denne veka inn for forsikra løysing i KLP. Alternativet er å ha eigen pensjonskasse. Saka står på dagsorden i fellesnemnda komande måndag.

Etter eit gruppemøte på kommunestyremøtet på torsdag, vart konklusjonen at medlemene i fellesnemnda frå Fjell skal be om at saka vert utsett. Fjellpolitikarane ønskjer at det vert gjeve orientering om framtidig pensjonsløysing på felles kommunestyre for dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden den 17. januar før fellesnemnda gjer endeleg vedtak.

Prost Erling Kopperud snakka om takksemd då han helse til kommunestyret.
Prost Erling Kopperud snakka om takksemd då han helsa til kommunestyret.

Godkjente ROS-analyse

Kommunestyret godkjente den overordna heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen (kommuneROS) for Sund, Fjell og Øygarden. Dersom ROS-analysen vert vedteken av dei tre kommunane innan utgangen av året, vert avvika frå Fylkesmannen lukka.

Dei tre kommunane har hatt avvik knytt til manglande heilskaplege ROS-analysar etter tilsyn frå Fylkesmannen. Fristen for å lukka avvika er 31. desember i år. Som følgje av at dei tre kommunane dannar Nye Øygarden kommune frå 2020, har det vore gjennomført felles prosjekt for gjennomføring av ROS i kommunane. Resultatet er eit felles kommuneROS-dokument. I gjennomføringa av analysen har ein sett vekk frå kommunegrensene, men teke omsyn til lokale forhold i den enkelte kommune.

Ordføraren delte ut blomar til to nytilsette kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune; Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst) og Line Barmen (Helse og velferd).
Ordføraren delte ut blomar til to nytilsette kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune; Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst) og Line Barmen (Helse og velferd).

Vil rehabilitera Foldnes skule

Kommunestyret vedtok å gjennomføra rehabilitering av Foldnes skule med ei total kostnadsramme på 39,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Vedtaket innebér at den opphavlege ramma rådmannen hadde ein del mindre tiltak som skifte av tak på «blått» bygg, vindauge mellom plan to og gymnastikksal (raudt bygg», skifte av innvendige dører i «grønt» bygg og avtrekk og avsug spesialutstyr.

Det er tidlegare avklart at det «raude» bygget på Foldnes skule skal sanerast for asbest og rehabiliterast. I «grønt» bygg vert det etablert ny administrasjon, arbeidsrom for lærarar/tilsette og personalrom. Dette skuleåret får 80 elevar (6. og 7. årstrinn) undervisninga på Brattholmen skule medan rehabiliteringa går føre seg. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

På det siste kommunestyremøtet før jul vart det servert tapas.
På det siste kommunestyremøtet før jul vart det servert tapas.

Andre saker i kommunestyret den 13. desember

  • Joakim K. Indrevik (Høgre) fekk fritak frå vervet som medlem i samarbeidsutvalet på Fjell ungdomsskule. Ny medlem vert Hege Misje (Sotralista).

  • Sak om etterbruk av Tellnes gamle skule vart utsett.

  • Kommunestyret vedtok jule- og vinterfullmakt til ordføraren.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen og Vigleik Brekke

 


Sist endret: 13.12.2018