Facebook ikon Twitter logo Print side

Byggjer ny rundkøyring: Legg om trafikken ved Kystbygarasjen frå tysdag

Frå tysdag den 8. januar vert rundkøyringa ved Kystbygarasjen på Straume stengd. Det vert omkøyring via Lonavegen, Smålonane og Idrettsvegen.

Byggjer ny rundkøyring:

Sjølv om rundkøyringa vert stengd, vert det tilkomst til og frå Kystbygarasjen og Sprek og Blid via Arefjordvegen (frå/mot vest). For å sikra best mogleg trafikkflyt, vert det omkøyring via Lonavegen, Smålonane og Idrettsvegen

Det er bygging av ny rundkøyring som gjer det nødvendig å stengja rundkøyringa. Arbeidet skal etter planen vera fullført i mai 2019. Arbeidet med ny rundkøyring er venta avslutta i mai 2019.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at krysset i dag tilfredsstiller ikkje krava for å sikra god trafikkavvikling i området. Ifølgje ordføraren er det heilt nødvendig å leggja om trafikken for å få bygd rundkøyringa.

- Eg understrekar at i anleggsperioden vil trafikantane heile tida ha tilgang til Kystbygarasjen og Sprek og Blid. Bilistane må likevel innstilla seg på omkøyring, men eg har tru på at trafikkavviklinga vil fungera bra. Erfaring viser at trafikkavviklinga «gå seg til» sjølv om det skulle oppstå noko kø i startfasen, seier ordføraren som opplyser at det vert distribuert informasjonsfoldar til innbyggjarane på Litlesotra i tillegg til annonsering i Vestnytt, nettsider og sosiale medium.

Illustrasjonskart - omkøyring frå tysdag 8. januar

Skisse - omkøyring frå 8. januar 2019

Illustrasjonskart - område ved Kystbygarasjen

Skisse fase 2 frå 8. januar

Tekst og foto: Vigleik Brekke
Illustrasjonskart: Monica Hovland


Sist endret: 30.10.2018