Facebook ikon Twitter logo Print side

Byggjer ut demensavdeling på Fjell sjukeheim

Kommunestyret vedtok i dag at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. På det siste møtet før sommaren godkjende kommunestyret tre reguleringsplanar og gav uttale til rapport om båtrute mellom regionen vår og Bergen. Før behandlinga av sakene fekk politikarane oppleva eit unikt samarbeid mellom barnehage og kulturskule.

Hamramyra barneahge har hatt eit to-åring musikkprosjekt i samarbeid med Fjell kulturskule. På det siste kommunestyremøtet før ferien fekk representatane både lytta til musikken og delta i dansen.
Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage har hatt eit to-åring musikkprosjekt i samarbeid med Fjell kulturskule. På det siste kommunestyremøtet før ferien fekk representatane både lytta til musikken og delta i dansen. 

I skisseprosjektet til utbygginga på Fjell sjukeheim er det gjort nokre endringar for å redusera kostnadene. Prosjektet vil framleis omfatta bygging av 10 sengerom til åtte litt større sengerom tilpassa arealkrava til Husbanken. Ei planlagd ombygging i somatisk avdeling er teken ut av prosjektet, medan sikring av resten av sjukeheimen med nytt sprinkelsystem framleis ligg inne i prosjektet.

Godkjende tre reguleringsplanar

Kommunestyret behandla tre reguleringsplanar; Straume Sjøfront, Luren (Foldnes) og Espedalen (Kolltveit). Kommunestyret godkjente vesentleg endring av delar av detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan. KPU behandla saka på tysdag. Planen legg elles til rette for næringsareal, parkeringsplassar, offentleg strandpromenade og småbåthamn. Plan for Luren, Foldnes, vart også godkjend. Denne planen legg til rette for bygging av 17 nye bustadeiningar, infrastruktur, 10 nye naust, badeplass og småbåtanlegg for 17 båtar fordelt på to flytebryggjer. Etter forslag frå Arbeidarpartiet, vart det vedteke to presiseringar i føresegnene. Den tredje planen som vart godkjend Espedalen, Kolltveit, legg til rette for 24 bustadeiningar i form av konsentrerte bustader og infrastruktur.

Ettergjev 25,6 millionar kroner i gjeld

I samband med økonomirapport 1. tertial, vedtok kommunestyret å sletta 11 rentefrie og avdragsfrie lån til frivillige lag og organisasjonar på totalt 25,6 millionar kroner. I saka vurderte rådmannen det slik at låna ikkje kan innfriast og at låna difor bør slettast. I rekneskapet vert dette gjort som ei nedskriving av anleggsmidlane og ført mot kapitalkontoen. Dermed vil ikkje slettinga av låna ha resultatverknad eller føra til reduksjon i eigenkapitalen til kommunen. Den største enkeltlånet som vert sletta, er 13,6 millionar kroner til Straume Idrettspark.

Kommunestyret slutta seg til framlegget frå komité for drift og forvaltning om å omdisponera 20,1 millionar kroner i investeringsbudsjettet for å finansiera utbygging av Liljevatnet skule, demensavdeling på Fjell sjukeheim og Foldnes skule (tilleggsløyving). Vedtaket inneber at reduksjonen i IT-satsinga vert to millionar kroner og ikkje tre millionar slik rådmannen opphavleg tilrådde. Reduksjon for trafikksikring Bildøyvegen vert redusert noko meir enn rådmannen hadde gått inn for. Kommunestyret legg også inn to millionar kroner til vegutbetring på vestsida. Dette hadde rådmannen teke ut av investeringsbudsjettet.
Kommunestyret går vidare inn for at det skal gjerast ei kontinuerleg vurdering når det gjeld å erstatta tilsette som seier seg opp i ei stilling/funksjon som er del av dei lovpålagte tenestene innanfor områda helse- og omsorg, skule, og barnehage. Dersom krav til bemanningsnorm i skule og barnehage ikkje kan oppretthaldast, skal politikarane varslast snarast mogleg. Det skal også leggjast fram prosjektrekneskap over ferdigstilte prosjekt som referatsak til kommunestyret.

Solosong

Rapport om snøggbåtrute

Kommunestyret slutta seg til framlegget til uttale frå formannskapet om rapporten som er utarbeidd om mogleg snøggbåtrute mellom Sotra/Øygarden og Bergen. Der heiter det at rapporten er eit viktig bidrag for vidare drøftingar av kollektivtilbodet og trafikkutfordringar. I uttalen heiter det mellom anna at med auka aktivitet og etablering av Ågotnes godshamn, er Ågotnes eit alternativ som styrkjer seg som ein aktuell lokalitet for varig båtsamband. Kommunen ønskjer at det vert arbeidd vidare med dette alternativet både på kort og lang sikt. I uttalen vert også Brattholmen og Straume Sjøfront nemnt som aktuelle stoppestader for snøggbåtsamband. Eit forslag om også å vurdera kaianløp på Søre Straume fekk fleirtal. Det vart også vedteke å vurdera Nordre Bildøyna som kaianløp på lengre sikt.

Det vart vedteke eit tilleggspunkt om at for å betra trafikksituasjonen ved rundkjøringa på Kolltveit, ønskjer kommunen at det vert arbeidd med eit båtalternativ i sør. Sidan det er vanskeleg å leggja til rette for parkering på Klokkarvik ønskjer kommunen at det vert arbeidd vidare med eit alternativ på Skaganeset på kort og lang sikt.

Områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne

Kommunestyret vedtok å ta i bruk områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i området. Det offentlege bidreg med 50 prosent, og utbyggjarane bidreg med eit fast beløp pr. kvadratmeter (BRA). I vedtaket heiter det at rådmannen får mandat til å forhandla fram og inngå overordna utbyggingsavtalar med grunneigarane i dette området. Dersom rådmannen ikkje oppnår semje med grunneigar om overordna utbyggingsavtale, må utbyggjar løysa rekkjefølgjekrava sjølv. Rådmannen får mandat til å etablera ein områdemodell gjennom vedtak etter plan- og bygningslova.

Årsmelding og rekneskap

Kommunestyret godkjente årsmeldinga og rekneskapen for 2019 . Det rekneskapsmessige meirforbruket i 2018 var på 31,8 millionar kroner. Dette er føreslått dekt av disposisjonsfondet. I samband med årsmeldinga og rekneskapen understreka representanten Jan Utkilen (Sotralista) at dette var den siste årsmeldinga og rekneskapen for Fjell som kommunestyret behandla. Han rosa rådmann Steinar Nesse for jobben.

- Eg er stolt av årsmeldinga. Ho er lettlest og dekorativ og dekorativ. Eg vil framheva Steinar Nesse som har bidrege til at Fjell er vorten ein elitekommune. Han har fått litt hjelp frå politikarane, og så har han styrt politikarane litt også, sa Utkilen før kommunestyret applauderte rosen til rådmannen.

Kommunestyrerepresentantane fekk delta i dansen, på sin måte.
Kommunestyrerepresentantane fekk delta i dansen, på sin måte. 

Trafikksikring mellom Straume sentrum og Sotra Arena

Det vart vedteke å godkjenna finansiering av etablering av nytt busstopp og kulvert. Ein del av avtalen er at Danielsen skule og Straume Forum skal finansiera og byggja eit busstopp på sørsida av Idrettsvegen ved avkøyrsla til skulen.
Lågaste pris etter anbod er 7,1 millionar kroner. Prosjektet er pr. dato ikkje fullfinansiert. Ordføraren har hatt møte med fleire bedrifter i området med sikte på å få til eit spleiselag. Det vert arbeidd vidare med å få på plass finansiering av tiltaket.

Andre saker

  • Høyringsframlegg, eigedomsskatt ved kommunesamanslåing
    Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå rådmannen

  • Val av medlem og varamedlem til representantskapet i Bergen og Omland Farvassforvaltning
    Kommunestyret valde Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) til representantskapet. Varamedlem vert Ernst Einarsen (H)

  • Sommarfullmakt
    Kommunestyret vedtok sommarfullmakt til ordføraren.


    Tekst og foto: Vigleik Brekke

Sist endret: 20.06.2019