Facebook ikon Twitter logo Print side

Cecilia Brækhus kjem på julefeiringa til Way Forward

Way Forward gjentar suksessen i fjor, og inviterer til julefeiring for nye flyktningar i Fjell.

Way Forward inviterer til julefeiring 2. juledag. 
Way Forward inviterer til julefeiring 2. juledag.

Julefesten vert arrangert i lokala til Way Forward i Grønamyrsvegen 4 på Straume den 26. desember (2. juledag) klokka 15.00-18.00.

Det blir internasjonal mat, julenisse, julegåver til barna og julehygge.

I år kjem den kjende boksaren Cecilia Brækhus innom for å helsa på barna som har kome til Noreg som flyktningar. Dei fleste flyktningane har kome frå Syria. Dette er eit fint høve for barna å ha det hyggeleg og gløyma det dei har opplevd i heimladet.


Publisert: 21.12.2017 09:00
Sist endret: 22.12.2017 13:36