Facebook ikon Twitter logo Print side

Dei likte det dei høyrde

Det spørst om ikkje operasongaren Nora Oleanne Sårheim gjorde sitt til at det vart fleire operatilhengjarar i Fjell etter at ho framførte lystige og dramatiske operaverk i kultursalen i Fjell rådhus torsdag kveld. Nærare 90 frivillige i Fjell var invitert til frivilligfest.

Nora Oleanna Sårheim
Nora Oleanne Sårheim

Nora Oleanne Sårheim framførte mellom anna utdrag av Puccinis´ La Bohéme der Mimi (sopran) møter poeten Rodolfo (tenor).

Mimi sat heime og sydde blomar på silke. Ho budde i eit lite loftsrom med eitt vindauge.

- Når våren kjem, er dei første solstrålane av april berre mine, sa den glade jenta Mimi då våren kom. - Blomane som eg syr, har ingen duft, kunne Nora fortelja eit interessert og lyttande publikum.  

Mimi fann kjærleiken i Rodolfo, men Mimi hadde tuberkulose.  Det enda med at kjærleiken tok slutt, men dei gjekk frå kvarandre utan å vera bitre.

Operasongaren engasjerte publikum ved å la tilhøyrarane syngja koret til Vilja-songen frå Den glade enke. - Ta meg og la meg bli din i natt. Og Kenneth Bruvik var synleg stolt då han fekk æra av å vera statist.

- Frivillig innsats gjer samfunnet vårt rikare

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som ønskte velkomen til frivilligfest i kultursalen torsdag kveld. Ho viste til at frivillige organisasjonar og engasjementet deira styrkar samfunnet vårt ved å tenkja alternativt og vera løysingsorientert. Det frivillige arbeidet finn løysingar som nødvendigvis ikkje kommunen eller det offentlege kan skapa.

- Frivillig innsats gjer samfunnet vårt rikare og fellesskapet sterkare. Tusen takk for at eg får høve til å seia nokre ord til dykk som er kvardagsheltane våre og som deltek i frivillig arbeid. Eg set stor pris på det, sa ordføraren og viste til nyttårstalen til Kong Harald der han snakka om den krafta som går gjennom verda og som bur i kvart menneske.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

- Utan frivillige stoppar Noreg!

Kenneth Bruvik i Norges Jeger- og fiskeforbund snakka om å vera frivillig. Ikkje uventa handla det om det sterke frivillige engasjementet som oppstod i fjor vinter då ein nebbkval vart funnen full av plast.

- I fjor hadde vi ein stor helt. Kven var det? Jo det var kvalen. Det som skjedde med kvalen stakk oss i hjarta. Eg finn kvar veke fuglar og fiskar som er fulle av plast, sa Bruvik og lova at den nasjonale ryddedugnaden skal halda fram i mange år.

Bruvik meinte det var klokt av kommunen å ha ein strategi for dei som er frivillige.

- Dei frivillige treng anerkjenning. Dersom det frivillige arbeidet stoppar opp, stoppar Noreg, sa Kenneth Bruvik.

Kenteth Bruvik
Kenneth Bruvik

Vart takka for frivillig innsats

Dagleg leiar i Fjell frivilligsentral, Stine Sanden, opplyste avslutningsvis at det er stadig fleire frivillige knytt til sentralen. No er om lag 130 frivillige knytt til Fjell frivilligsentral. Mange var engasjerte i Sykkel-VM. Eitt av dei nye tiltaka i fjor var leksegrupper i Kraftsenteret.

Kvelden vart avslutta med at Gudveig Lillebø fekk sine fortente blomar sin mangeårige innsats i det frivillige arbeidet i Fjell.

- Gudveig hadde sin siste arbeidsdag i går, sa Stine Sanden vel vitande om at det neppe er korrekt. Ingen i salen hadde tru på at Gudveig har hatt sin siste tur innom Fjell frivilligsentral.

Gudveig Lillebø fekk blomar for sin frivillige innsats i mange år.
Gudveig Lillebø fekk blomar som takk for frivillig arbeid i mange år.

Seniorkameratane i Fjell lagde stemning i foajeen i forkant av frivilligfesten.

Her er fleire bilete frå frivilligfesten: 

 Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 25.01.2018 21:51
Sist endret: 25.01.2018 22:04