Facebook ikon Twitter logo Print side

Deler ut matkassar og presangar

I dag reiste tilsette i for barneverntenesta i Fjell ut til 24 familiar i Fjell med matkassar, julegåver og toalettvesker. Tremorkirken har dei siste dagane kjøpt inn varer og gåver som barneverntenesta fordeler rundt til familiar som har behov for ekstra mat og gåver no like før jul.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Torsdag føremiddag var frivillige medarbeidari Tremorkirken i full gang med å laga til matkassar og julepakkesekker.
Torsdag føremiddag var frivillige medarbeidari Tremorkirken i full gang med å laga til matkassar og julepakkesekker. På biletet; Hilde Sæle og Ingrid Algrøy.

- Vi gjer dette fordi vil ønskje rå spreia litt glede. Dette handlar om familiar som gjerne ikkje har råd til bruka så mykje pengar på mat og gåver. For oss er det fint i vera totalt ukjent med kven som får desse gåvene. Fordelinga er det barneverntenesta som tek seg av, seier Hilde Sæle som var ein av dei mange som var i full sving med å fylla matkassane i føremiddag.

I år er det femte året at Tremorkirken gjennomfører dette i samarbeid med barneverntenesta.

- Vi går i dialog med familiane og får avklart kven som har bruk for ekstra mat, merksemd og julepakkar til barna. Reaksjonane hjå familiane er sterke og positive. Mange tek til tårene og seier at dette har redda jula for dei. Dette er gjerne familiar som har avgrensa høve til å feira denne høgtida, seier seier leiar av barneverntenesta i Fjell, Bård Tyldum.

I tillegg til matkassar og pakkar til barna, har barnevernet fått inn 12 toalettvesker med toalettartiklar frå «Søstre til søstre». Desse veskene vert gjevne til dei som brukar krisesenteret i løpet av jule- og nyårshelga.

- Vi er kjempeglade for alle desse bidraga. Det bidrar til at dei aller svakaste i samfunnet får noko ekstra til julehøgtida, seier Tyldum.

Fleire bilete

Medarbeidarar i barnevernet er klare for å reisa rundt til familiane med matkassar og julepakkar.Toalettveskene går til brukarar av krisesenteret.


Publisert: 22.12.2016 14:55
Sist endret: 22.12.2016 15:03