Facebook ikon Twitter logo Print side

Deltok i den største stafetten i verda

I strålande sommarvér deltok 250 elevar på skulane i nord og vest i kommunen i TINEstafetten i dag. Det var elevar frå sjette til niande trinn som fekk prøva seg på tartandekket på Ågotnes stadion.

Klar til start
Klar til start for innleiande heat for 7. klasse.

- Dette var spennande og kjempegøy, men det vart svært tungt på slutten. Me fekk ei rar spenning i kroppen, og fleire av oss kjende på skjelving i beina før start, måtte dei fire sjetteklassingar på Kolltveit, Isabella Nilsen, Leona Telle, Linnea Hufthammer og Madelene Bø Askeland, vedgå då dei skulle konkludera etter ein flott dag i sola på Ågotnes. Men dei likte det dei fekk vera med på.

Totalt 25 lag deltok i stafetten. Laga var samansett av fire jenter og fire gutar, og dei sprang kvar sin halve runde (200 meter) i det totalt 1 600 meter lange løpet. Ågotnes vann open klasse, medan Kolltveit vann finalen for både 6. og 7. klasse.

- I dag har elevane sprunge ei strekning tilsvarande avstanden mellom Ågotnes og Ikea i Åsane. Dette er jo den største stafetten i verda med 110 tusen deltakarar. Det heile starta i 1993, og i år feirer TINEstafetten 25 årsjubileum, seier ein ivrig Ågotnes-rektor, Eigil Nødtvedt.

Dette er ein uhøgtidleg stafett der fokuset er fysisk aktivitet og variert kosthald. Målet er å bidra til meir aktivitet i kvardagen for barn og ungdom. I løpet av desse åra har 1,7 millionar elevar delteke i stafetten. Les meir her.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Magne Abelsen og Vigleik Brekke
På onsdag vert det lagt ut fleire bilete frå stafetten.

Her er fleire bilete frå TINEstafetten på Ågotnes i dag:

7. klasse Kolltveit6. klasse KolltveitElias SolsvikSilas Lie


Publisert: 08.05.2018 20:23
Sist endret: 08.05.2018 20:38