Facebook ikon Twitter logo Print side

Den store gründerdagen

Det handla om gründerskap, nytenking, ungdom og framtidstru då Gründerparken Vest og Energimessa 2017 vart offisielt opna i dag. Det var statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Morten Bakke, som stod for den offisielle opninga av parken og messa. Gründerparken er lokalisert i etasjen under Bakscenen på Straume.

I dag var Gründerparken Vest offisielt opna. Frå venstre; Morten Bakke, Thomas Skålnes og Pål Kårbø.
I dag vart Gründerparken Vest offisielt opna. Frå venstre; Morten Bakke, Thomas Skålnes og Pål Kårbø.

- Vi treng nye gründerar som utviklar arbeidsplassar for framtida. Her er det lagt til rette for gode arbeidsplassar i fellesskap med andre. Her kan ein dra nytte av kunnskapen til kvarandre, og dette vert nok ein fødestad for mange nye bedrifter, sa Bakke då ha kunne presentera den flotte oppslagstavla ved inngangen. Bakke ga stor ros til kommunane Sund, Fjell og Øygarden, Vest Næringsråd (VNR), Gode Sirklar og Sartor Storsenter for at gründerparken no er ein realitet. I parken er det 10 uleigekontor og to møterom.

Også direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, understreka det gode samarbeidet med kommunane, Sparebanken Vest, Hordaland fylkeskommune og Gode Sirklar. Varaordførar Tom Georg Indrevik sa at vi alle har felles ambisjon om å fornya næringslivet vest for brua.

På opninga var både fungerande fylkesordførar Pål Kårbø og dei tre ordførarane i regionen til stades.

Positive signal

I forkant av opninga av Gründerparken Vest, gjennomførte VNR marstreffet med fleire foredrag. Morten Bakke viste til at investeringane i olje og gass er reduserte med ein tredel sidan 2013. Dette viser at samfunnet må ha fleire bein å stå på og at næringslivet må ha gode rammevilkår. Bakke vil likevel ikkje teikna eit for dystert bilete av situasjonen.

- Det er nye positive signal om at vi er på veg opp frå botnen, sa statssekretæren.

Morten Bakke
Morten Bakke

Rolf Wangsholm frå Cap Gemini snakka om digitalisering, «Ein kritisk suksessfaktor for privat og offentleg sekttor. Jan Arthur Nilssen i Liegruppen presenterte Kunnskapskvartalet Bildetangen med forslag om å plassera inn ny vidaregåande skule på Bildøyna. Han viste til to aktuelle lokaliseringar av ein ny vidaregåande skule i regionen. Det eine alternativet er ny skule sentralt på Straume, medan det andre alternativet er ny vidaregåande skule på Bildetangen.

- Det hastar med avklaring om kvar skulen skal plasserast dersom han skal vera klar til bruk i 2024 slik er det planar om, sa Nilssen.

Sparebanken Vest slo på stortromma i dag og overrrekte gründerfondet for 2017 til dagleg leiar i VNR, Per Aarsand.

- I fjor fekk de tildelt 400 tusen kroner til fondet. I år har vi avgjort at det skal aukast til 500 tusen kroner, sa Trond Lægreid i Sparebanken Vest då har overleverte sjekken. Fristen for å søkja om midlar frå fondet er i april. Den første tildelinga frå fondet skjer i mai.

Spennande elevarbeid

Deltakarane på marsmøtet til VNR fekk ikkje berre med seg foredrag og opning av Gründerparken Vest. Den store gründerdagen vart avslutta med Energimessa på Sartor Storsenter der elevar frå Sotra vidaregåande skule, tre ungdomsskular og Knappskog skule presenterte spennande elevarbeid. Og det var også Morten Bakke som stod for den offisielle opninga av Energimessa 2017.

Madelen og Xinxin frå Tranevågen ungdomsskule styrte dronar.
Madelen og Xinxin frå Tranevågen ungdomsskule styrte dronar.

Blant utstillarane på Energimessa møtte vi Xinxin og Madelen i klasse 9 d på Tranevågen ungdomsskule. Dei demonstrerte korleis dei har full kontroll over dronar.

- På Tranevågen har vi programmering som valfag. Vi har lasta ned ein App, og ved hjelp av den set vi saman bevegelsar for dronen. Det er viktig at vi følgjer etter dronen for å ha kontroll. Vi har mellom anna hatt besøk av Statoil som har gjeve oss informasjon om korleis dronar vert brukt. Dette selskapet brukar mellom anna dronar for å gjennomføra inspeksjon, kunne elevane forklara.

Her er fleire bilete frå den store gründerdagen:

Den nye leiaren (dagleg leiar) i VNR: Henning Hauso. Jan Arthur NilssenRolf Wangsholm

Trond Lægreid (Sparebanken Vest) og Per Aarsand (VNR).

 


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 16.03.2017 14:02
Sist endret: 16.03.2017 14:19