Facebook ikon Twitter logo Print side

Denne veka handlar det om Ågotnes

Desse dagane er det på Ågotnes det skjer. På torsdag var det høgtidleg opning av den fullførde turvegen ved Kvednavatnet. På onsdag gjekk formannskapet inn for å bruka 37 millionar kroner på opprusting av idrettsanlegget på Ågotnes.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opnar offisielt den siste delen av turvegen rundt Kvednavatnet. Jan Sem-Olsen hjå Eigedomssjefen (til venstre) og Jann Winsents (CCB) held i snora.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opnar offisielt den siste delen av turvegen rundt Kvednavatnet. Jan Sem-Olsen hjå Eigedomssjefen (til venstre) og Jann Winsents (CCB) held i snora.

På torsdag var det også start av oppfølginga av Visjon Ågotnes med plansmiesamling i Gjerstennaustet til Fjell Kystlag. Dette dokumentet vart resultatet av utviklingsarbeidet i Plansmia på Ågotnes. På samlinga i går var det mellom anna informasjon frå Vindenes Vel og CCB. Det var også omvising i nausta til Fjell Kystlag og det nye ungdomshuset (Frihuset) i dei gamle helsehus-lokala på Ågotnes.

Om ikkje dette er nok, skal det rehabiliterte bassenget på Ågotnes offisielt opnast på laurdag. «Ågotnesveka» vert krona med spennande kamp på Ågotnes stadion på sundag der Nest-Sotra med siger kan hamna blant dei seks beste i OBOS-ligaen (1. divisjon) med rett til å spela kvalifiseringskampar om opprykk til Eliteserien.

Innstillinga i formannskapet denne veka om idrettsanlegget på Ågotnes vil gje eit kraftig løft for idrettsaktivitetane i området. Den saka skal sluttbehandlast i kommunestyret om kort tid.

Fullført turveg

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som stod for den offisielle opninga av den siste delen av turstien ved Kvednavatnet. Som følgje av den 200 meter nye delen av turvegen, kan folk koma seg rundt Kvednavatnet og vandra tre – fire kilometer i rolege omgjevnader, for det meste i turterreng. Turvegen er ein del av kommunedelplanen for Ågotnes som vart vedteken av kommunestyret i 2013.

Lars Fjærtoft viser gjerne fram den siste delen av turvegen som no er fullført.
Lars Fjærtoft viser gjerne fram den siste delen av turvegen som no er fullført.

Leiar av avdeling grønt hjå Eigedomssjefen, Lars Fjærtoft viser oss stolt den flotte opplyste turvegen som no er komplett.

- Vi har til og med skaffa bossbøtter for hundeskit. Bade- og solplassen i den eine vika i Kvednavatnet er på plass og var i bruk den varme sommaren i år. Vi har fått realisert dette med små midlar og god støtte frå CCB og Brødrene Lie, seier Fjærtoft. Også bebuarane på Kvednatunet har stor glede av den nye turvegen. Avdelinga til Fjærtoft har skaffa seg gode ressursar med unge vaksne i arbeid.

Grøn linje viser turvegen. Parkering v/ Ågotnes idrettsanlegg
Grøn linje viser turvegen. Parkering v/ Ågotnes idrettsanlegg. Den nye delen av turvegen er mellom dei to små raude markeringspunkta.

Følgjer opp Visjon Ågotnes

Torsdag var altså startdagen for å følgja opp arbeidet med plansmia og Visjon Ågotnes. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy innleia med å visa kva som vart gjort i plansmia og innhaldet i Visjon Ågotnes. Ho lista opp ei rekkje tiltak som er gjennomførte i Ågotnes-området og nemnde mellom anna ferdigstilling av turvegen, utbetring av idrettsanlegget på Ågotnes (jf. innstilling frå formannskapet på onsdag denne veka), nytt ungdomshus (Frihuset), rehabilitering av symjebassenget, oppgradering av bussterminalen og nytt kunstgrasdekke. Det er også ambisiøse planar om å etablera hamn på Ågotnes og å få til eit vegtrafikksystem på Ågotnes som er ein del av fylkesvegprosjektet mellom Kolltveit og Ågotnes.

- Det skal gjennomførast ein tilbodskonkurranse for utvikling av eit kvalitetsprogram for Ågotnes sentrum. Kommunen har gjort mykje på Ågotnes, og mykje meir skal gjerast i dette området. Mange flyttar hit, ikkje minst mange barnefamiliar flyttar til denne delen av kommunen, sa Sandahl Bjorøy.

Mona Vindenes
Mona Vindenes.

Mona Vindenes i Vindenes Vel orienterte om eit omfangsrikt arbeid i velforeininga. Ho var frimodig og direkte i bodskapen sin.

- Er det slik at ein vil ha oss her. Vi treng signal på at vi vert sett og høyrt. I den samfunnsøkonomiske rapporten om ny hamn på Ågotnes står det mykje om den samfunnsøkonomiske nytten og kor flott det er for Bergen å få flytta ut hamna frå sentrum. Men det står ingenting om kva dett vil bety for oss i dette området, sa Vindenes.

Ronny Haufe i Coast Center Base hadde forståing for det Vindenes peika på og sa at det er utfordringar med å utvikla industriområdet og skaffa fleire arbeidsplassar.

- Sjølv om det gjerne kjem 600 – 800 fleire sjøfartøy til og frå Ågotnes som følgje av at Ågotnes vert lokalisering av ny hamn, vert det totalt mindre hamnetrafikk enn det var i toppåra 2009-2012, sa Haufe som understreka at CCB vil leggja til rette for å gjera naboane tilfredse. CCB vil også invitera velforeiningane i området til møte for å drøfta ulike utfordringar.

På samlinga i går gav også alle plansmiemedlemene statusrapport om arbeidet. Gjennom plansmiearbeidet er det lagt til rette for eit godt samarbeid mellom Fjell kommune, næringslivet og frivillige lag og organisajonar.

Her kan du lesa presentasjonen ordførar Marianne Sandahl Bjorøy framførte på samlinga i går.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opninga og møtet i går:

 

 

 


Publisert: 08.11.2018 16:32
Sist endret: 09.11.2018 10:03