Facebook ikon Twitter logo Print side

Det er aldri for seint å leva ut draumen

Arne Ulvolden (84), betre kjent som Bestefar i «Samuel og Bestefar» besøkte Temakafé for kreftramma og pårørande onsdag 4.september. Bestefar Arne fortalte om barnebarnet Samuel Massie si barndom og oppvekst som skuletapar, og endringane i livet då Samuel starta på folkehøgskule. Samuel lærte om livsmeistring og at det var viktig å leva heile livet.

Arne Ulvolden (84), betre kjent som Bestefar i «Samuel og Bestefar» og kreftkoordinator Inger Fosse

Det Samuel lærte, blei viktig for bestefar og. Dei starta diskusjonar om kva det vil sei å leve. Bestefar Arne opplevte at han var meir styrt av andre sine forventningar enn eigne draumar og ønske. Arne ville bli kvalfanger, men valgte ein annan veg. Samuel utfordra bestefaren: «Ta kontroll i ditt eige liv!» «Ditt liv er ditt ansvar!» Bestefar Arne fortel at det var barnebarnet som lærte han å gje blaffen i kva andre meinte. Etter det er livet blitt eit eventyr.

Så ein bursdag blei bestefar Arne utfordra av Samuel. Dei starta å reise saman, ein tur gjekk til kvalfangerbyen Sandefjord, etterkvart Papua New Guinea og Argentina med TV2 som reisefølgje. Nå er Bestefar Arne midt mellom to turar, nettopp kome heim frå ein tur der dei var innom både Roma og Paris og førebuing for ein ny tur med India som mål.

Ta ta i draumane dine

Bestefar Arne som sjølv har ein kreftdiagnose fortel at han kjenner seg mykje friskare når han er ute på reise med Samuel, han oppmuntrar alle til å ta tak i draumane sine.

Arne Ulvolden

Temakafèen er eit opent tilbod for kreftramma og pårørande med møte ein gong i månaden. Ansvarleg er kreftkoordinator i Fjell og Sund kommune saman med frivillige. Det vert servert kaffe og ein matbit. Utover hausten vert det temakafè om ernæring i oktober og om fatigue/ utmatting etter kreftbehandling i november.

Her finn du meir informasjon om temakafeen

Tekst: Inger Fosse, kreftkoordinator


Sist endret: 11.09.2019