Facebook ikon Twitter logo Print side

Det er vår på Kvednatunet

Sjølv om hagl legg seg tung og blaut på asfalten, viser naturen at våren har komme.

I går fekk vi besøk av alelam frå Ulveset. Ole Leidulf Nordvik si glede då han fekk sjå alelammet var stor. Han kallar seg sjølv for «hobbybonde» frå Nordvik, og har hatt sauer. Det var barnebarnet Birthe som kom med alelammet. Ho hadde med seg to små lam, og då Ole Leidulf ble utfordra til å finne namn til det miste lammet, svarte han kontant at lammet skulle heite Birthe. Alelammet ble tatt med rundt på huset, til stor glede for alle som bur på Kvednatunet.

Spanande matoppleing

Denne veka fekk vi også ei spanande matoppleving, som syner at våren er her. Ein av våre fantastiske frivillige kom med ramslauk og kokken ordna den og serverte til middag, nett som på gourmetrestaurant.

Tekst og foto: Tonje Tangen Alvsvåg, styrar Kvednatunet


Publisert: 21.04.2017 11:08
Sist endret: 21.04.2017 11:16