Facebook ikon Twitter logo Print side

Det ulukkelege partnarskapet

Prost Erling Kopperud såg tilbake og gav kommunestyrerepresentantane litt kyrkjehistorie då han helsa til dei på budsjettmøtet på torsdag. Sjølv flytta han ut av prestegarden på Fjell gard i sommar.

Prost Erling Kopperud
Prost Erling Kopperud

Med det siste bandet av Fjell bygdebok, band VI «Mellom havet og byen» som hovudkjelde kunne Kopperud fortelja om det ulukkelege kyrkjelege partnarskapet mellom Fjell og Askøy. Fjell sokn varta i si tid skild ut frå Sund sokn og slått saman med Askøy til eitt prestegjeld.

Dette var ikkje noko lukkeleg partnarskap. Våren 1842 fekk bergensaren Claus Severin Frimann Reimers stillinga som sokneprest for det nye Fjell og Askøy prestegjeld. Men han meinte at folket på Askøy aldri reiste forbi Nordre Fjell, medan fjellsokningane stadig fór forbi Strusshamn på veg til og frå byen. Han var ikkje lysten på å busetja seg i Fjell.

Kommunestyret mislikte desse haldingane og tok sterkt til motmæle og meinte at utsegnene måtte vera grunna anten på partiskheit, misunning eller «maaske af en slags Ringeagt for Fjelds Sogns Menighet, for den bestaae blodt av Bønder». Etter mykje att og fram enda det til slutt med at Fjell og Askøy i 1871 fekk kvar sin prest.

- Med dette var striden mellom Fjell og Askøy avslutta, sa Erling Kopperud.

Det tok si tid før prestegarden på Fjell stod ferdig, men i 1849 kunne sokneprest Reimers og familien ifølgje bygdeboka motvillig flytta frå Alvøen til Fjell.

Og i sommar, 168 år etter at prestegarden vart oppført, flytta Erling Kopperud ut av prestegarden på Fjell gard.

På budsjettmøtet var det song ved ei gruppe frå Fjell kulturskulekor.
På budsjettmøtet var det song ved ei gruppe frå Fjell kulturskulekor.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 14.12.2017 21:58
Sist endret: 14.12.2017 22:07