Facebook ikon Twitter logo Print side

Djup læring i skulane i Fjell

Denne veka var alle lærarar i grunnskulen og kulturskulen i Fjell invitert til samling om djup læring. Djup læring er eit av dei viktigaste omgrepa i den skulen som vi i Noreg no er i ferd med å utvikla. Fjell kommune er del av eit nasjonalt og internasjonalt nettverk av kommunar som satsar på kunnskapsbasert og framtidsretta læring i skulen.

Djup læring i skulane i Fjell

I to dagar var Yngve Lindvig frå LearnLab på besøk i 8 ulike klasserom i kommunen og observerte ein stor variasjon av læringsaktivitetar.

Stort engasjement

Lindvig møtte også eit samla lærarkorps, både frå barnesteget, ungdomssteget og frå kulturskulen, og hadde gode læringsøkter med stort engasjement og mykje god læring.
Læringa skjedde både gjennom eigenaktivitet (også lærarane vart utsett for aktivitetar og refleksjonar med intensjonen om djup læring) og gjennom gode foredrag frå Lindvig om mellom anna nyare hjerneforsking og om dei internasjonale trendane i opplæringa. Lindvig understreka at det no er den «breie» læringa som vil ta over etter ein periode med mykje fokus på måling og nasjonale og internasjonale prøver (mellom anna PISA). I den breie læringa er hovudfokus på korleis elevane i framtida kan nytta den samla kompetansen og kapasiteten dei har etablert gjennom barnehage- og skuleløpet.

Djup læring i skulane i Fjell

Gode tilbakemeldingar

Og så langt har tilbakemeldingane vore svært gode, både frå lærarane og frå Lindvig. Mellom anna kommenterte Lindvig at det fungerte heilt smertefritt å samla alle lærarane i kommunen i digitalt arbeid der nettet fungerte betre enn dei fleste steder han har besøkt. Biletet under er frå Ågotneshallen, der det var ca 240 lærarar som alle jobba online med PC, nettbrett eller smarttelefon.

Djup læring i skulane i Fjell

Djup læring i kvardagen

Etter desse samlingane skal lærarane jobbe med djup læring i kvardagen og gjere seg eigne erfaringar fram til neste samling i midten av august. Og heilt på tvers av det biletet som mange kanskje har av norsk skule, Lindvig understreka fleire gongar at norsk skule er heilt i verdstoppen når ein legg til grunn eit breiare vurderingsgrunnlag enn resultatene på standardiserte målingar som PISA. Men samstundes er det framleis mykje som kan bli betre, og elevane har eit uforløst læringspotensiale – også i norsk skule og i skulane i Fjell.

Djup læring i skulane i Fjell

Tekst og foto: Jogeir Sognnæs, leiar PPT


Publisert: 08.02.2018 14:35
Sist endret: 08.02.2018 14:36