Facebook ikon Twitter logo Print side

Dramatisk reise frå Eritrea til Noreg

Han hadde tre val; han kunne kjempa, gje opp eller flykta. Slik uttrykte Semere (19) det då han som 15-åring i fleire år hadde opplevd krig, undertrykking og eit diktatorisk regime i Eritrea. Det var inga framtid i Eritrea for Semere.

Frå venstre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Yonas Mebrathu, Semere Habte og Robel Reda.
Frå venstre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, Yonas Mebrathu, Semere Habte og Robel Reda.

Saman med Yonas Mebrathu (20) og Robel Reda (20) presenterte Semere Habte i dag boka «Kokob – En fortelling om en reise». Alle tre er mindreårige flyktningar som kom til Fjell i 2015/2016. Boka handlar om den oppdikta personen Kokob. Gjennom Kokob fortel dei tre ungdomane om dramatiske og traumatiske reiser frå Eritrea til Noreg i 2015/2016.

Dei som møtte opp i Kraftsenteret i dag vart rørt av desse historiane, men også imponerte over dei tre ungdomane som på godt norsk framførte reisa gjennom Sudan, Libya, Middelhavet og Europa og fram til Noreg gjennom Kokob.

Robel fortalde om reisa gjennom Libya og dramatisk reise over Middelhavet.

- Vi var 540 personar i ein dårleg båt som skulle over Middelhavet, og eg var redd for at båten skulle havarera, seier Robel til oss etter at framføringa i Kraftsenteret var over. Robel er heldig. Han er gjenforeina med familien sin. Både Robel og Yonas kom til Noreg på nyttårsaftan i 2015.

Framtid i Noreg

Yonas fortalde om framtida i Noreg.

- Han tenker ikke på flukten hver dag lenger, men det er noen ting som aldri slipper taket, og som han husker som om det var i går. Noen dager kommer det helt plutselig. Han husker godt damen som døde i Sahara, hun som ikke fikk en begravelse, las Yonas frå boka.

Yonas har gått på vidaregåande skule og har mål om å verta sjukepleiar.

- No har eg starta som lærling som helsefagarbeidar på Fjell sjukeheim, fortel han.

Robel går på andre året på vidaregåande skule og har som mål å verta bilmekanikar. Semere går også på vidaregåande skule og tek sikte på å verta elektroingeniør.

Semere las om kvifor han valde å flykta frå Eritrea.
Semere las om kvifor han valde å flykta frå Eritrea.

Dei tre opplever å ha det godt i Fjell og har funne seg nettverk. Semere må reknast som ein habil langdistanseløpar med personleg rekord på rundt 16-17 minutt (slå den!). På sundag deltek han i Lyderhorn Opp. Ungdomane frå Eritrea har kristen ortodoks bakrunn frå Eritrea og har funne seg kristent fellesskap i Bergen (eritreisk ortodoks kyrkje).

Ordførar Marianne Sandahl lot seg imponera av ungdomane der dei på godt norsk framførte den lange reisa til Noreg og kva dei tenkjer om framtida her.

- Vi kan ikkje setja oss inn i historiene dykkar. Det ser ut til at bufellesskapa har fungert, og eg er utruleg glad for at de har funne dykk til rette. Eg gler meg til å lesa boka, sa ordføraren.

Leiar av barneverntenesta, Bård Tyldum, understreka kor store ressursar Fjell har fått med ungdomane frå Eritrea.

- I dag er eg glad for at Agnete og Mariann kjempa fram dette bokprosjektet, sa Tyldum og viste til at det er etablert vennefamiliar gjennom Raudekrossen. Agnete Rong er koordinator for einslege mindreårige (EM), medan Mariann Austrheim er fagleiar for EM-tiltaka.

Tidlegare helsesøster Turid Sætre var også stolt i dag.

- Takk for at de tok meg med på reisa, den farlege reisa. De reiste via Sudan med korrupt politi og kaotisk Libya. De er tre sterke gutar med stå på-vilje til å leva, sa Sætre.

Agnete Rong og miljøterapeut Ousmane Kaba informerte om bakgrunnen for språk- og bokprosjektet. Tolk har vore Endrias Meskel.

I barneverntenesta og tiltak for einslege mindreårige har Fjell kommune gjeve tilbod til ungdomar frå Eritrea til å delta på Kreative samtalegrupper, ein narrativ gruppeintervensjon, som er utvikla over år med sikte på å styrkja motstandskrafta til ungdomane, førebyggja psykiske helseplager og bearbeida traumatiske livserfaringar.
Gruppeintervensjonen er sett saman av ulike element, der det historieforteljande elementet er det sentrale. Det narrative i gruppeintervensjonen er at ungdomane saman diktar ei historie. Historia handlar om ein oppdiktet person, som har mange likskapar med ungdomane sjølv.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga på Kraftsenteret i dag:


Sist endret: 05.09.2019