Facebook ikon Twitter logo Print side

Draumebesøk på barneavdelinga på Haukeland

Frida Landro, som går på niande trinn på Tranevågen ungdomsskule, fekk denne veka oppfylt draumen sin. Draumen vart ein realitet då ho saman med tre vaksne MOT-folk fekk gje noko til dei ho er så glad i og som ho har ein inderleg ønske om skal verta friske. Då fekk ho gje «eit tonn med kjærleik».

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Det var stort å få overlevera utstyret. Frida Landro til venstre, Vigdis Taranger til høgre.
Det var stort å få overlevera utstyret. Frå venstre; Frida Landro, Frode Bårdsen og Vigdis Taranger.

Det er nemleg slik at elevane på niande trinn kan søkja om det er mogleg å senda inn ein draumesøknad til MOT. MOT-informatør Vigdis Taranger fortel at Frida hadde ein fantastisk god draume-søknad. Denne søknaden gjorde eit sterkt inntrykk på dei i MOT som vurderte alle søknadene.

Frida skriv:

- Eg har lenge vore innlagt på sjukehus og veit kor «dritt» det kan vera, iallefall no når det nærmar seg jul. Då eg var innlagt, vart eg venn med mange fantastiske menneske. Alle hadde så tunge historiar eg vart rysta i marg og bein. Eg ønskjer å å hjelpa dei til å bli friske. ....

Ho skriv at derfor er draumen hennar å reisa på Haukeland no i juletida og besøkja dei som er på barneavdelinga. På tysdag var dei fire på barneavdelinga og overrekte aktivitetsutstyr, leiker, spel og julemusikk. Og barna vart svært glade for gåvene dei fekk.

Frida avsluttar søknaden med ein sterk bodskap.

- Draumen vil kosta ca. .....veit ikke .. å oppfylla. Men i allefall eit tonn med kjærleik! skriv ho i søknaden.

Og på tysdag fekk Frida oppfylt draumen sin!

Det kom inn mange gode draumesøknader.

  • Nokre drøymer om kvit jul.
  • Ein drømmer om å læra å dykka.
  • Mange gutar drøymer om sjå ein fotballkamp med favorittlaget sitt.
  • Nokre drøymer om å få ein proff handballspelar til å trena laget sitt ein dag.
  • Ein ungdom ønskjer fred på jord.

Her er fleire bilete:

 


Publisert: 16.12.2016 12:09
Sist endret: 16.12.2016 12:16