Facebook ikon Twitter logo Print side

Draumen oppfylt etter sju år

Denne dagen var heilt spesiell for dagleg leiar av FriHuset, Svein Ekrem. Mange jubla i dag, men det var nok ei oppfylling av ein draum av det heilt spesielle slaget for Ekrem då ordførar Marianne Sandahl Bjorøy med kniven kunne skjera av snora for å markera ungdomshuset og BUA på Ågotnes for offisielt opna.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kappar snora. Til venstre; leiar av ungommens kommunestyre (UKS) Vilde Knudtsen Indrevik. Tidlegare medlem i UKS, Henriette Nordtveit står til høgre.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kappar snora. Ho får god hjelp frå leiar av ungommens kommunestyre (UKS) Vilde Knudtsen Indrevik (til venstre) og tidlegare medlem i UKS, Henriette Nordtveit.

Tanken om ungdomshus på Ågotnes vart fødd i 2012. Sju år har gått sidan den gong. Ordføraren starta då også talen sin med å visa til at dette har teke si tid.

- Det forventa ungdomshuset vart først barnehage. Det har sjølvsagt vore krevjande å venta på tur. Men no skal vi ikkje bruka tid på å sjå oss tilbake No er huset her til bruk for ungdommar, lag og organisasjonar i Ågotnes-området, sa ordføraren.

Dei tre – fire hundre kvadratmetrane i den gamle helsehuset er godt utnytta og har vore i bruk sidan 16. januar i år. BUA, der folk kan låna utstyr av alle slag, vart teken i bruk i veka før vinterferien. Svein Ekrem har periodevis «budd» i dette huset og slite ut skor og klede i oppussingsarbeidet.

Oppturar og nedturar

Den daglege leiaren av FriHuset veit kva oppturar og nedturar er for noko når han ser seg litt tilbake.

- Det har vore nokre nedturar undervegs. Men no er dette kort og godt fantastisk. Me skal ikkje telja dei tapte slag på sigerens dag, seier den blide ungdomsleiaren som brenn for ungdomen. Før dagen var omme gav han dei frammøtte eit tilbakeblikk på korleis det stara i 2012 og enda opp med no i dag.

Bordtennis er populært. Medlemer i UKS prøver seg.
Bordtennis er populært. Medlemer i UKS prøver seg.

Marianne Sandahl Bjorøy understreka i talen sin at både barn, unge, vaksne og eldre skal bruka dette bygget. Etter planen skulle leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, stå for den offisielle opninga av BUA, men han sat på eit fly (!) då det dette store skjedde. Ordføraren tok på seg den andre opninga også.

- BUA er ei stor felles utstyrsbod som absolutt alle kan bruka. Dette betyr at barn og unge treng ikkje ha absolutt alt ustyr sjølv. Dette er aktivitetsfremjande der barn, unge og vaksne kan prøva på seg på aktivitetar dei ikkje har prøvd før. Det er også miljøvennleg , og i eit folkehelseperspektiv er dette ypperleg, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

I bruk frå klokka 08.30 til 22.00

FriHuset er i bruk dagleg mellom klokka 08.30 og 22.00. På dagtid nyttar skulane bygget, medan ungdomsklubben tek over om kvelden. Seinare vil det koma til meir areal i eit nabobygg. Kulturlivet skal blomstra på Ågotnes.

Svein Ekrem viser stolt fram VM-rommet. Til høgre Marianne Sandahl Bjorøy. Til venstre; kulturleiar i Øyagrden, Christel Møvik-Olsen og kulturskuleleiar i Sund, Hilde Egeland.
Svein Ekrem viser stolt fram VM-rommet. Til høgre Marianne Sandahl Bjorøy. Til venstre; kulturleiar i Øygarden, Christel Møvik-Olsen og rektor på Sund kulturskule, Hilde Kristin Egeland.

I tillegg til utdeling av blomar til Svein Ekrem, delte kultursjef Lennar Fjell ut verbale roser til mellom anna tidlegare leiar i komité for drift, Vidar Arnesen, tidlegare leiar i Vest Næringsråd, Per Aarsand og musikar Trond Olsen som på sin måte også har bidrege til utforminga av huset. Trond Olsen stod for det musikalske innslaget på opninga.

- Rådmann Steinar Nesse kasta inn tanken om ungdomshus i det gamle helsehuset. Vidar Arnesen tok tak i dette. Me fekk nok litt pryl for at me var litt rask på avtrekkaren då vi gjekk i ut i media, måtte kultursjefen vedgå. Men på ein dag som denne er det lett å tilgje slikt.
Det var helsingar frå Jorunn Småbrekke Gjersvik, tidlegare leiar i ungdommens kommunestyre, og no kommunestyremedlem, Henriette Nordtveit og biblioteksjef Trude Bendiksen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opninga:


Sist endret: 04.06.2019