Facebook ikon Twitter logo Print side

Drøfta byvekstavtale

Eit utvida formannskap drøfta i dag byvekstavtale for bergensområdet. Det vart ikkje gjort vedtak på møtet. Det nyvalde kommunestyret for Nye Øygarden som skal ta stilling til avtaleutkastet før nyttår.


Frå møtet i dag.

I tillegg til det ordinære formannskapet, møtte gruppeleiarane for dei partia som ikkje er representerte i formannskapet. Ordførarane i nabokommunane, Sund og Øygarden, var observatørar.

Målet med byvekstavtalen mellom staten, fylkeskommunen og fem kommunar i bergensområdet er at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange (nullvekstmålet). I perioden august 2018 til juni 2019 er det gjennomført ni forhandlingsmøte. Ordførarane frå omegnskommunane, byråd for byutvikling i Bergen kommune og fylkesordføraren har representert dei lokale partane i forhandlingane. Det har også vore ei referansegruppe (Fjell, Sund og Øygarden) som har fått informasjon og som er inviterte til å delta i formøta og å vera til stades under forhandlingsmøta.

40, millionar kroner til lokale tiltak

I dokumentet/avtaleutkastet, som ikkje er ferdigforhandla, ligg det inne statlege midlar i Nye Øygarden kommune på 40,8 millionar kroner i gjennomsnitt i perioden 2019-2029. Det er knytt fleire lokale forpliktingar til dei statlege midlane/tilskota.

Lena Svalastog Garnes hjå Plan- og eigedomssjefen orienterte om bakgrunnen og grunnlaget for byvekstavtalen. Tiltaka er knytte til gang og sykkel, kollektivtransport, innfartsparkering og miljøvennleg teknologi og innovasjon. Ordførar Marianne Sandal Bjorøy, som har delteke i forhandlingane, gav status i arbeidet med avtalen. Partane må vera samde om ein avtale. I mai føreslo Os kommune å utsetja sluttbehandling av avtalen, og etter avklaring med staten, skal avtalen behandlast av kommunestyra og fylkestinget i haust, før nyttår.

Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden) var også til stades då formannskapet drøfta byvekstavtgalen. Heit til venstre; Daniell-Victor Sandvik (Frp) og heilt til høgre; Odd Bjarne Skogestad (KrF).
Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden) var også til stades då formannskapet drøfta byvekstavtgalen. Heit til venstre; Daniel-Victor Sandvik (Frp) og heilt til høgre; Odd Bjarne Skogestad.

I drøftinga i det utvida formannskapet gav dei fleste, som følgje av at behandling vert gjort av kommunestyret for Nye Øygarden kommune, uttrykk for at dei ikkje hadde konkludert med kva dei meiner om det førebelse utkastet. Fleire av dei som tok ordet, sa at ein måtte ta konsekvensen av det overordna målet om å avgrensa den globale oppvarminga. Svein Bergh (Sotralista) gjorde det klart i møtet at han ville seia nei til å gå inn på ein byvekstavtale.

I saksdokumenta kan du lesa meir om byvekstavtalen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 20.06.2019