Facebook ikon Twitter logo Print side

Drøftar fylkesplanar

Kommunestyret skal på møtet den 23. mars ta stilling til to framlegg til fråsegn om to fylkesplanar som handlar om areal og transport.



Den 8. mars gjekk formannskapet inn for at kommunen vedtek ein uttale der Fjell er kritisk til framlegget til «Regional transportplan Hordaland 2018-2029". I uttalen heiter det at Fjell kommune kan koma til å fremja motsegn mot planen dersom han ikkje vert justert etter høyringa. Kommunestyret skal også gje uttale til «Regional areal- og transportplan for Bergensområdet 2017-2028».

Andre saker i kommunestyret den 23. mars

  • Eigarskapsstrategi Sotra og Øygarden brannvesen IKS
  • Invitasjon til å delta i prosjektet: Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing
  • Søknad om salsløyve for alkohol, Joker Brattholmen,
    verksemdsoverdraging

Kommunestyret vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 17.03.2017 10:45
Sist endret: 17.03.2017 10:47