Facebook ikon Twitter logo Print side

Drøftar krav om reguleringsplan for store planeringsfelt

Rådmannen føreslår at det som hovudregel skal utarbeidast reguleringsplan for store planeringsfelt. Komité for plan og utvikling skal drøfta dette på møtet den 2. april.

I saka viser rådmannen til at det i dag er fire større planeringsfelt i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). I desse områda er det gjeve løyve til å ta imot massar, planera og leggja til rette for landbruksdrift. I tre av dei fire felta er det nyleg kome førespurnad om å utviding. På bakgrunn av erfaringane, legg rådmannen fram denne saka for å få prinsipiell avklaring om det skal krevjast reguleringsplan for denne type planeringsfelt.

Rådmannen går mellom anna inn for at det som hovudregel vert kravd reguleringsplan for planeringsfelt i LNF-område dersom desse overstig 10 dekar eller tre meter høgdeavvik frå eksisterande terreng.

Detaljregulering for Søra Sundet, Knappskog
Det ligg føre framlegg til detaljregulering for Søra Sundet på Knappskog. Planframlegget opnar for etablering av 12 nye naust, kai, småbåtanlegg for inntil 22 båtplassar, parkeringsplass og infrastruktur. Rådmannen går inn for at planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU skal behandla åtte klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Møtet tek til med orientering om kvalitetsprogram for Ågotnes.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 26.03.2019