I dag driv Lemminkäinen asfaltverket i Knarrvika.
Lemmingkäinen reknar med at delar av verksemda må flytta i anleggsperioden for Sotrasambandet, men verksemda kan ikkje få ein konkret svar på konsekvensane før saka om Sotrasambandet er behandla i Stortinget. Difor vurderer verksemda å flytta til eit næringsområde på Søre Straume. I dette området er det tilgang til djupvasskai.
No ønskjer Lemmingkäinen å få signal frå Fjell kommune om det er grunnlag for selskapet å arbeida vidare med alternativ lokalisering på Søre Straume før det vert sett i gang konsekvensutgreiing. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ønskjer at formannskapet drøftar dettte. Det er kome inn brev frå tre velforeiningar i området. Alle velforeiningane er kritiske til planane.
Andre saker i formannskapet den 10. mai
- Høyring - Ruteløyve for strekningar i Fjell - Turbuss vest AS (referatsak)
- Uttale til høyring - Ruteløyve for strekningar i Fjell - Turbuss vest AS (referatsak)
- Uro knytt til tydeleg auke i kø og reisetid på Rv 555 mellom Fjell og Bergen (referatsak)
- Årsmelding og rekneskap 2016
- Offentleg vass- og avlaupsnett - Retningsliner for dispensasjon frå krav om tvungen tilknyting
- Sykkelbyavtale for Fjell
Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 04.05.2017