Facebook ikon Twitter logo Print side

Drøftar tiltak mot kø på riksveg 555

Formannskapet skal på møtet den 6. desember ta stilling til kva tiltak som kan setjast i gang for å redusera køen på riksveg 555. Den siste tida har talet på trafikk på strekninga mellom Litlesotra og Bergen særleg auka i morgonrushet i austleg retning (mot Bergen).

Køen på riksveg 555 har auka i 2017.
Køen på riksveg 555 har auka i 2017.

Fram til nytt sotrasamband er på plass er det nødvendig med tiltak.

- Om ein ikkje set i verk nye tiltak, vil ein truleg få ein særs alvorleg situasjon som innbyggjarar og næringsliv i den nye storkommunen vil kunna oppleva som særs utfordrande å handtera, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

I saka er det lista opp ei rekkje trafikktekniske tiltak, kollektivtrafikktiltak og andre tiltak. Døme på trafikktekniske tiltak er forbod mot gjennomkøyring (gjeld ikkje buss) over Bildøyna i rushtida om morgonen, forbod mot gjennomkøyring via Arefjordvegen mot Valenkrysset i morgonrushet og prioritering av buss ved påkøyring frå Straume på riksveg 555 i retning Bergen (morgonrushet). Det er også aktuelt å auka kapasiteten i lyskrysset på Valen og etablera påkøyringsfelt frå Hjelteryggen mot Bergen.

Aktuelle kollektivtrafikktiltak er å utvida busstilbodet mot Oasen, Kokstad/Sandsli og Flesland. Fylkesutvalet har innstilt å løyva ekstra pengar til fleire ekspressbussar mellom Sotra og Bergen. Det kan også verta aktuelt å etablera båtrute mellom Ågotnes (CCB) og Bergen. I saka er det også peika på at tilbodet om innfartsparkering kan betrast. Eit forslag som vil ta noko tid for godkjenning, er innføring av rushtidsavgift. Etter behandling i formannskapet går saka til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Fire personar føreslått å få vigselrett i Fjell

Frå januar 2018 er vigselmyndigheita overført til kommunane ved ordførar, varaordførar og andre kommunestyret gjev slik myndigheit. Rådmannen føreslår at ordførar, varaordførar, personalsjef Lisbeth Grosvold og kultursjef Lennart Fjell får vigselrett i Fjell og at det vert sett av ein fast fredag i arbeidstida og ein fast laurdag i månaden til vigsel. Ordførarkontoret er føreslått som seremonirom. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Andre saker i formannskapet den 6. desember

  • Sentrumsvedtekter for Straume sentrum
  • Tildeling av einerett til henting av hushaldsavfall
  • Høyringsuttale til statlege planretningslinjer for energi- og klimaplanlegging og klimatilpassing i kommunane.

Møtet tek til klokka 1500 og vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


 


Publisert: 30.11.2017 13:56
Sist endret: 30.11.2017 14:03