Facebook ikon Twitter logo Print side

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Kva gjer du dersom mobilnettet ikkje fungerer, straumen vert borte i fleire dagar og det er vanskeleg å få tak i nødvendige varer? No får du få gode råd om dette. I desember sender Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) ut ein brosjyre til alle husstandane i landet med informasjon om eigenberedskap.

Illustrasjon

Målet med kampanjen er å gjera folk medvitne på og gje kunnskap om å ivareta eigen tryggleik ved hendingar og kriser som rammar kritisk infrastruktur.

- Når samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Jo, fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpa dei rundt seg ved ei hending, jo betre står vi rusta som samfunn, seier direktør i DSB, Cecilie Daae.

I kampanjen får du til dømes kunnskap om korleis du kan dekkja grunnleggjande behov i tre døger.

Les brosjyre her.

Her finn du også informasjon om eigenberedskap.


Publisert: 13.11.2018 10:25
Sist endret: 13.11.2018 10:28