Facebook ikon Twitter logo Print side

Eigen metodehandbok for «Rett i jobb»-prosjektet

Gjennom prosjektarbeid har Fjell kommune utvikla ein metode for korleis ei verksemd kan ta flyktningar med høg utdanning eller lang arbeidserfaring rett i arbeid i staden for på introduksjonsprogram. No er det utarbeidd ei handbok over metodeutviklingsprosjektet som skildrar korleis dei tilsette i prosjektet har jobba fram metoden frå start til slutt.

ill.

Det var i 2017 at Fjell kommune etablerte i 2017 eit metodeutviklingsprosjekt som tok ti flyktningar i arbeid frå første dag, utan å gå vegen om eit toårig introduksjonsprogram. Hovudmålet var å utvikla ein metode som sikra god integrering av nykomne flyktningar.

- Rett i jobb er eit metodeutviklingsprosjekt der flyktningar med høgare utdanning og/eller lang arbeidserfaring går inn i ordinært arbeid som eit alternativ til introduksjonsprogram. Erfaringa dei siste åra er at mange flyktningar kjem til Fjell kommune med viktig kompetanse som raskt kan koma til nytte i kommunen, seier avdelingsleiar for flyktningar og tenesteutvikling, Monica Pedersen.

Dei ti tilsette flyktningane fekk opplæring i norsk på kveldstid frå Fjell vaksenopplæring. Samfunnskunnskap fullførte dei i arbeidstida. Deltakarane i prosjektet fekk i tillegg ein eigen mentor på tenestestaden.

- For å kunna dokumentera innsatsen i prosjektet og spreia metoden som er utvikla, har vi laga ei metodehandbok som fortel om arbeidet i prosjektet og korleis vi har jobba fram metoden, seier Pedersen.

Her kan du lesa metodehandboka.


Sist endret: 28.05.2019