Facebook ikon Twitter logo Print side

Ekstremvarsel om høg vasstand på torsdag

Meteorologisk institutt melder om ekstremt høg vasstand på Vestlandet sør for Stadt torsdag føremiddag.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Det er venta høg vasstand i morgon føremiddag. Illistrasjonsfoto: Kjell Andersland.
Det er venta høg vasstand i morgon føremiddag. Illistrasjonsfoto: Kjell Andersland.


Vasstanden er venta å verta 65-80 centimeter høgare enn det som står i tidevasstabellen. Pålandsvind vil føra til høge bølgjer langs kysten. Bølgjehøgda er venta å vera mellom seks og åtte meter, melder yr.no

– Vasstanden vert endå høgare enn det vi trudde i går, seier statsmeteorolog Anne-Mette Olsen som åtvarar mot at ekstremværet «Vidar» kan gje store materielle skadar på Vestlandet. Meteorologisk institutt går no ut med ekstremvarsel for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Folk vert oppmoda om å gjennomføra nødvendige tiltak for å redusera negative konsekvensar av den høge vasstanden.

På Vestlandet vil vasstanden vera på det høgaste mellom klokka 09.00 og 11.30.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 11.01.2017 17:05
Sist endret: 11.01.2017 17:11