Facebook ikon Twitter logo Print side

Elbil-ladestasjonar ved alle kommunale bygg

I dag markerte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy at Fjell kommune no har elbilladestasjonar ved alle kommunaleigde bygg. - Dette bør vera til inspirasjon for andre kommunar, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy testa eitt av ladepunkta på parkeringsplassen ved rådhuset.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy testa eitt av ladepunkta på parkeringsplassen ved rådhuset.

Inklusive 16 tidlegare monterte elbil-ladepunkt, har Fjell kommune no totalt 158 ladepunkt fordelt på 28 lokalsjonar. I tillegg til at det no er ladestasjonar ved alle kommunale bygg, er det plassert ladepunkt ved innfartsparkeringa på Fjell gard og ved terminalen på Ågotnes.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa at dette er viktig for både politikarar og innbyggjarane.

- Dette er ein stor dag for Fjell kommune. I 2018 vedtok Fjell kommune klimaplanen sin, og dette er eitt av tiltaka. Vi har no fått mellom to til 10 ladepunkt ved alle kommunale bygg, som skular og andre offentlege bygg i tillegg til ved to innfartsparkeringar. Vi er svært stolte av dette, sa ordføraren.

Erstattar fossildrivne bilar med elbilar

Sandahl Bjorøy viste til at Fjell kommune legg opp til at fossildrivne bilar gradvis skal erstattast med elektriske bilar. Heimetenesta har allereie teke åtte elbilar i bruk.

 Leverandørane var på plass saman med fagleiar Geir Jensen. Frå venstre; Eirik Hordnes )Sweco), Erik Senneset (SAS Elektrosdervice AS), Geir Jensen, Danieln Amundsen (SAS Elektroservice AS) og John H. Hauge (Tertnes Entreprenør AS).
Leverandørane var på plass saman med fagleiar Geir Jensen. Frå venstre; Eirik Hordnes  (Sweco), Erik Senneset (SAS Elektroservice AS), Geir Jensen, Daniel Amundsen (SAS Elektroservice AS) og John H. Hauge (Tertnes Entreprenør AS).

Norsk elbilforening gler seg over det som har skjedd i Fjell.

- Det er flott å høyra at det er offentlege ladestasjonar ved alle kommunale bygg. Vi er ikkje kjend med at andre kommunar har dette, men vi kan ikkje sjå bort frå at det finst. Uansett vil dette vera ein inspirasjon for andre kommunar, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge.

Fagleiar hjå Eigedomssjefen, Geir Jensen, takka samarbeidspartnarane for godt samarbeid. Leverandørane har vore Tertnes Entreprenør AS (grunnarbeid), SAS Elektroservice og Sweco (konkurransegrunnlag m.m.).


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 03.09.2019