Facebook ikon Twitter logo Print side

Elevane skal læra å bruka og skapa teknologi

Fjell kommune har via Den teknologiske skulesekken fått økonomisk støtte frå Utdanningsdirektoratet til utstyr som elevane kan bruka til programmering. No skal lærarar på to av skulane i Fjell på programmeringskurs.

Utstyr
Døme på utstyr som skulane vil få utdelt

Avdelingsleiar og lektor Ingvild Vikingsen Skogestad på Knappskog skule opplyser at det ser ut til at alle barneskulane får fire blue-bot  og to Sphero BOLT kvar. Det kan verta endringar på kva produkt skulane vil få. For å få utstyret må skulane senda minst eín lærar på minikurs på Knappskog skule. Den teknologiske skulesekken bidreg også med at alle 6. trinn får eit klassesett Micro:bit om læraren melder seg på lærarkurs.

Vilkåret for at kommunane får pengar frå Den teknologiske skulesekken er at kommunen legg til rette for at lærarane får vidareutdanning i programmering. Pengane skal brukast til utstyr slik at lærarane får brukt den nye kompetansen sin.

- I tillegg til dette ønskjer vi at alle skulane i kommunen skal få litt kodeutstyr kvar, slik at alle kan koma i gang. Vi har landa på blue-bot for dei minste og Sphero Bolt for dei eldste elevane. For å få dette utstyret, må lærarar frå skulane delta på eit minikurs i programmering, slik at utstyret kan brukast i klasseromma med eín gong, seier Ingvild Vikingsen Skogestad.

Ingvild Vikingsen Skogestad
Ingvild Vikingsen Skogestad

Programmering kjem inn i matematikkfaget i fagfornying, og ved å bruka fysiske objekt som blue bot og Sphero Bolt får elevane ei større forståing og kompetanse i dette. Dette er kostbart utstyr som er lett å prioritera vekk i dagens økonomiske situasjon.

- Koding og programmering er med på å læra elevane om teknologi og om å bruka og skapa teknologi. Det er også ein god innfallsvinkel til å få kunnskap for det 21.århundret som samarbeid, problemløysing, kommunikasjon, kreativitet osb., seier Vikingsen Skogestad.

Utdanningsdirektoratet har ei ordning der skuleeigarane skal søkja om midlar til utstyr for programmering til bruk i klasserommet. Ramma er på 15 millionar kroner kvart år. Det er aktuelt for Fjell kommune å søkja om midlar også neste år.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 22.08.2019