Facebook ikon Twitter logo Print side

Elevar frå 9. trinn på Fjell ungdomsskule deltok på internasjonal konferanse

Elevar frå 9. trinn på Fjell ungdomsskule var denne veka invitert til internasjonal konferanse i Stavanger med meir enn 800 deltakarar frå meir enn 40 land.

Elevane Sunniva Husnes, Elise Andersen og Sebastian Birkeland, saman med sin lærar Jorid Saure

Det var ein stolt delegasjon frå Fjell som saman med eit begeistra publikum fekk oppleve Sunniva Husnes, Elise Andersen og Sebastian Birkeland, saman med sin lærar Jorid Saure. Dei presenterte korleis dei hadde jobba med djup læring. Prosjektet deira handla om å skape samansette tekstar og tok utgangspunkt i forkunnskapen til elevane om mellom anna Snapchat, for å lage plakatar som skulle stimulere til å lese bøker.

Konferansen i Stavanger har overskrifta «Bringing together – creating innovative educational policies and practices for diversity, equity and sustainability», eit tema som er svært viktig i heile verda og som passar godt med den utviklinga vi står framfor i bygginga av Nye Øygarden kommune.

ICSEI – International Congress for School Effectivenes and Improvement – er leia av Andy Hargreaves, ein av dei mest anerkjente skuleforskarane i verda - som i mange år har vore sentral i skuleutviklinga i Ontaria-regionen i Canada.

Skulane i Fjell har dei siste to åra deltatt i eit nasjonalt nettverk for djuplæring, og dette nettverket er knytt til det internasjonale nettverket som ICSEI er ein del av.

Tekst: Jogeir Sognnæs, leirar PPT Fjell kommune
Foto: Anne-Merete Vabø Haugane, rektor Fjell ungdomsskule


Sist endret: 11.01.2019