Facebook ikon Twitter logo Print side

Elevar og lærarar frå Tranevågen imponerte i Oslo

I samband med Deep Learning Society sin konferanse i Oslo, var Fjell kommune representerte blant anna med 4 elevar frå Tranevågen ungdomsskule. Under sine innlegg imponerte dei med sine ærlege tankar om korleis dei ser for seg at djupare læring kan skje med og hos elevane både no og i framtida.

Elevane og lærarane som deltok på konferansen i Oslo.
Elevane og lærarane som deltok på konferansen i Oslo.

30. oktober blei konferansen med 11 kommunar, som deltek i programmet til Deep Learning Society, gjennomført midt i hovudstaden vår. På samlinga presenterte seks skular korleis dei jobbar for å skape djupare læring på skulane. Ein av desse kommunane var Fjell kommune, og Tranevågen ungdomsskule representerte kommunen denne gongen. Elevane  Isak Silden Festen, Thomas Mikal Hornes, Oliver Toft og Thea Omland Dyrøy, var saman med to av lærarane sine, Wenche Langva Fjell og Siri Anita Lillebø, dyktige representantar frå kommunen på samlinga.

På konferansen deltok alt frå skuleeigarar til elevar frå ulike offensive kommunar i Noreg. Elevane framheva kor viktig det er at dei får spørsmål og utfordringar som gjer at dei må vera aktive der dei tenkjer, utforskar og brukar og utviklar kompetansen sin om dei skal få til ei djupare læring. Fleire av elevane understreka verknaden av at dei bruker kvarandre som ressursar for eiga læring.

- Det hjelper oss å tenkja nytt og ta andre sitt perspektiv lettare, fortel elevane frå Tranevågen ungdomsskule. 

Samlinga var eit ledd i Fjell kommune si satsing for å få til ei meir framtidsretta og djupare læring hos elevane. Yngve Lindvig, frå Learnlab,  som er rettleiar for programmet, var imponert over bidraga frå elevane, og seier at deltakinga på konferansen viser at dette er kommunar og skular som har komme langt i ein moderne og progressiv pedagogikk. I læringsarbeidet på skulane er det viktig at vi elevane får ein fagleg og sosial kompetanse, dei vil få nytte av i framtida. 

- Heldigvis legg også ny læreplan som kjem i bruk i 2020 opp til akkurat det, påpeiker Lindvig.


Tekst: Rune Golf
Foto: Jogeir Sognnæs

 

 


Publisert: 05.11.2018 09:23
Sist endret: 05.11.2018 09:30