Facebook ikon Twitter logo Print side

Elevar på Kolltveit skule er ambassadørar for Redd Barna

Sirja og Mathilde (7. kl.) på Kolltveit skule har nettopp blitt barne- og ungdomsambassadørar for Vestlandet i Redd Barna.

Sirja og Mathilde var på arbeidsverkstad i Oslo tidlegare i april.

Redd Barna er ein organisasjon som jobbar for at alle barna i verda skal få oppfylt rettane sine. Dei har ulike kampanjar for å få til dette, og jobbar heile tida med å finna nye løysingar. Dei brukar medium som til dømes Instagram, Facebook, blogg osb. for å nå ut til flest mogleg. Redd Barna er ein del av den internasjonale organisasjonen Save the Children, som blei stifta allereie i 1919. 


Du finner mykje informasjon om organisasjonen, bloggen deira og mykje meir her.

Tidlegare i april var Sirja og Mathilde på arbeidsverkstad i Oslo. Her fortel dei om det dei var med på:
Den 5.-7. april var vi i Oslo på ein workshop med dei andre ambassadørane frå fleire ulike stader i landet. Vi lærte om kva det vil seia å vera ambassadørar og kva Redd Barna jobbar med. Vi fekk besøk av mange forskjellige personar som fortalde om kva dei driv med, blant anna Trine Weydahl (youtuber), Agenda X (ungdomsklubb) og Stian Barsnes Simonsen (tidligare programleiar i bl.a. NRK)

 


Sist endret: 22.04.2019